Willy Zamble var éin av fire målskårarar for Lysekloster i kampen mot Brodd i ettermiddag.
Willy Zamble var éin av fire målskårarar for Lysekloster i kampen mot Brodd i ettermiddag.

Vann 5–2 over Brodd

Lysekloster kan kryssa av for nok ein siger, etter 5–2-oppgjeret mot Brodd i ettermiddag. Neste helg er det klart for toppoppgjer på Lysekloster idrettspark.

– Akkurat no ligg vi øvst på tabellen, men Sotra har spelt ein kamp mindre enn oss, fortel Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik etter 5–2-sigeren over Brodd i Stavanger i ettermiddag.

Neste helg spelar Lysekloster heime mot nettopp Sotra. Trenaren seier førebuingane til toppoppgjeret vert som elles i sesongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vert ei normal treningsveke. Vi gjer ikkje noko annleis, men vi gler oss sjølvsagt litt ekstra. Det er dei store, avgjerande kampane mot slutten av sesongen vi trenar for heile året, påpeikar Hetlevik.

Fire målskårarar

Trenaren skildrar sigeren mot Brodd i dag som heilt fortent.

– Det var ein litt spesiell kamp. Vi spelar mot eit lag som ikkje har noko å spela for, men som aldri gjev opp. Det er to lag på banen som prøver å skåra gjennom heile kampen, seier Hetlevik og legg til:

– Vi har stort sett kontroll, og var soleklart det beste laget. Men vi kunne godt ha klart oss utan det eine baklengsmålet, meiner han.

Det første målet sette Mats Walberg inn etter berre fire minutt. 14 minutt seinare auka Minor Benmoussa leiinga til 2–0. Vladan Radojkic skåra to mål, eitt i første omgang og eitt i andre. Deretter meldte spiss Willy Zamble seg på skåringslista.

– Dagens kamp var ein viktig kamp for oss å vinna. Alle dei siste kampane har voer det. No er det berre å koma seg på trening igjen, og sørgja for å vinna kampen mot Sotra også, slår trenar Hetlevik fast.

camilla.kvamme@osogfusa.no