Markus Mol og Terian Kaelo reiser med U17-landslaget til Sverige for å tevla i turnering i slutten av juli.
Markus Mol og Terian Kaelo reiser med U17-landslaget til Sverige for å tevla i turnering i slutten av juli.

To Strandvik-spelarar er tatt ut på landslaget

Markus Mol og Terian Kaelo er begge tatt ut på U17-landslaget i volleyball.

Landslagstrenarane Martin Engvik og Jetmund Berntsen har gjort uttaket for NEVZA U17 og U19, i tillegg til for EM U20 og EM U18 gutar. På heimesida til Norges Volleyballforbund skriv trenarane at uttaka har vore vanskelegare enn nokon gong.

– Det har vore mange diskusjonar, og semje om at det uansett vil vera spelarar som ikkje blir tekne ut som fortener å delta. Men det er berre eit avgrensa tal plassar. På den positive sida betyr dette at dei som faktisk er tekne ut, har vist mykje bra, og kan vera sikre på at dei fortener plassen, skriv trenarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei som fekk plass på U17-laga, var to frå Strandvik. Markus Mol og Terian Kaelo.

For NEVZA i Tyløsand er følgjande spelarar tekne ut:

G17-laget:

Markus Mol, Strandvik IL, Samson Olson, TIF Viking, Lars Kristian Ekeland, Strand-Ulv IL, Henrik Tholo Aasen, Strand-Ulv IL

J17-laget:

Birgitte Maaseide, KFUM Stavanger, Terian Kaelo, Strandvik IL, Mathea Duesund, Koll IL og Maja Sofie Windelstad, Koll IL.

Meisterskapen blir spelt i Halmstad, Sverige, 23.-24. juli. Meisterskapen blir arrangert i samband med Summersmash Festival in Halmstad