Skøytehelten frå Os gjorde ikkje skam på heimbygda laurdag.
Skøytehelten frå Os gjorde ikkje skam på heimbygda laurdag.

Sverre Lunde Pedersen vann på 5000 meter

Etter å ha teke sølv på 1500 fredagen, gjekk skøyteesset frå Os heilt til topps på 5000-meteren laurdag ettermiddag.

I Erfurt pågår verdscup i skøyter, og Sverre Lunde Pedersen er i knallform. Fredag var han berre hundredelar unna gullet på 1500-meter, og laurdag var tida komen til 5.000-meteren.

Osingen hadde italienske Nicola Tumorelo å slå, og det gjorde han med glans på tida 6.14, 66.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var eit av dei betre 5000-meterløpa eg har gjort. Eg vart aldri stiv, og då er det gøy å gå på skøyter, sa Pedersen til NRK etter at sigeren var eit faktum.

Osingen var 1,45 sekund framføre andremann, og 2,45 sekund framføre tredjeplass, Ted-Jan Bloemen.

ol@osogfusa.no