Vegard Storum Hjelle og Tom Gabriel Østgulen Rondestveit stod for måla i 2-0-sigeren.
Vegard Storum Hjelle og Tom Gabriel Østgulen Rondestveit stod for måla i 2-0-sigeren.

Søfteland marsjerer vidare

Søfteland hadde eit fast grep om kampen heime på Stilvoll mot Sædalen/Kringlebotn torsdag kveld og sikra sin tredje strake siger for sesongen.

I opningskampen vann Søfteland 2–1 heime mot Minde. I runde to henta dei tre poeng heim frå Voss med ein 2-0-siger. Torsdag slo dei grøne og kvite Sædalen/Kringlebotn med dei same sifra.

– Vi er nøgde med resultatet. Det er eit lag vi skal slå, men ein skal ikkje bli for kjepphøg og ta for lett på det av den grunn. Kampen kjem ikkje skikkeleg i gong før dei siste 15 minutta av førsteomgang. Før det er det berre kriging og lite sjansar, seier Andreas Lindborg, som kunne feira 30-årsdagen med ein siger.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var kjipt at eg ikkje skåra. Eg hadde planlagt korleis eg skulle feira, seier han og smiler.

Flott angrepsfotball

Det er rett som Lindborg seier. Dei første 30 minutta var alt anna enn imponerande – av begge lag, men mot slutten av omgangen viste Søfteland kva som bur i laget. Søfteland tok leiinga etter eit flott angrep vel 35 minutt inn i kampen. Stoppar Dani Alvær Bergstø førte ballen framover i banen, før han spelte Mats Lepsøe, som rulla ballen vidare til Thomas Blomberg som kom på overlapp på venstresida. Innlegget var presis, og på bakre stolpe kom Tom Gabriel Østgulen Rondestveit, som ikkje kunne unngå å løpa ballen i mål. Det gjekk ikkje lang tid før Søfteland rulla opp eit angrep som var nesten identisk. Denne gongen var det Lindborg som fekk innlegget på bakre stolpe, men i staden for å avslutta, låg han ballen perfekt til rette på eitt touch til Vegard Storum Hjelle, som diverre for Søfteland, ikkje fekk eit reint treff. Fortent leiing til dei grøne og kvite til pause.

Alle gode ting er tre

Etter å ha produsert så godt som ingenting, var det venta at bortelaget skulle melda seg på i andreomgang. Det skjedde ikkje.

Vegard Hjelle hadde fleire sjanser til å skåra torsdag kveld, men det blei med eitt mål.
Vegard Hjelle hadde fleire sjanser til å skåra torsdag kveld, men det blei med eitt mål.
Andreas Lindborg kunne ha avslutta sjølv, men valte å leggja til rette i stadenfor.
Andreas Lindborg kunne ha avslutta sjølv, men valte å leggja til rette i stadenfor.
Ballen rullar fint mot Vegard Storum Hjelle.
Ballen rullar fint mot Vegard Storum Hjelle.
Angrepet var strålande, men som ein kan sjå på ansikta til Lindborg og Hjelle, var ikkje avslutninga heilt tilfredsstillande.
Angrepet var strålande, men som ein kan sjå på ansikta til Lindborg og Hjelle, var ikkje avslutninga heilt tilfredsstillande.
Kristoffer Skjelde, Thomas Skjelde og John Ole Johannessen kom inn i pausen.
Kristoffer Skjelde, Thomas Skjelde og John Ole Johannessen kom inn i pausen.
Hjelle bankar inn 2-0.
Hjelle bankar inn 2-0.
Bra med publikum på Stilvoll torsdag kveld.
Bra med publikum på Stilvoll torsdag kveld.
Eirik Søfteland og kjærasten Mia Lindborg, søster til Andreas Lindborg, var på plass på Stilvoll.
Eirik Søfteland og kjærasten Mia Lindborg, søster til Andreas Lindborg, var på plass på Stilvoll.
Thomas Skjelde fortviler etter å ha bomma på ein god sjanse.
Thomas Skjelde fortviler etter å ha bomma på ein god sjanse.

– Vi trudde at dei skulle vera friskare, men vi blei aldri trua. Dette drog meg greitt i land, konstaterer Lindborg.

Andreomgang blei heller ikkje sjanserik. Det som blei produsert kom frå heimelaget. Etter 70 minutt fekk Hjelle sin andre store sjanse for kvelden, men avslutninga blei for dårleg. Han var ikkje ferdig med å forsøka seg for kvelden. Det gjekk ikkje lange tida før han igjen fekk sjansen og den tok han vare på. Spissen hamra ballen til høgre for keeper og sette spikaren i kista. Ein kontrollert heimesiger og keeper, Henning Wold Gjelsvik, som eigentleg er utespelar, kom seg gjennom nye 90 minutt utan å måtte plukka ballen ut av nettet.

Laget som starta:

Henning Wold Gjelsvik, Dani Alvær Bergstø, Per Martin Sælen, Sindre Jacob Råheim, Christoffer Østgulen Hevrøy, Johannes Jordal, Andreas Sandven Lindborg, Thomas Blomberg, Vegard Storum Hjelle, Tom Gabriel Østgulen Rondestveit og Mats Lepsøe.

Innbytarar med speletid:

Artikkelen held fram under annonsen.

Kristoffer Skjelde, Remy Andre Søfteland, Erik Hatleli Aasen, Erlend Sørås Storebø, Thomas Liam Skjelde og John Ole Johannessen.