– Vi ønskjer alltid å vinna. Klart det er surt å stå att utan poeng i toppkampen, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
– Vi ønskjer alltid å vinna. Klart det er surt å stå att utan poeng i toppkampen, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Lysekloster tapte toppkampen

Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik skildrar toppoppgjeret borte mot Sotra som tett og jamt gjennom 90 minutt, og han seier at det er surt å stå att utan poeng.

– Vi vil jo alltid vinna. Vi liker ikkje å tapa. Det var ein skuffande kamp av oss, rett og slett. Vi må sjå på oss sjølve. Hadde vi vore den beste utgåva av oss sjølve, så hadde vi vunne kampen, seier Hetlevik.

Tok leiinga

Lysekloster tok leiinga etter fire minutt ved ei skåring signert Thorvald Trætteberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skårar tidleg. Elles er det jamt med mange duellar på midten – som ein kan forventa i ein toppkamp. Så, rett før pause, klarerer dei ballen langt. På topp står dei att med ein spiss, som vi ikkje klarer å stoppa. Det var skuffande av oss. Vi gjekk til pause med 1-1, noko som ikkje er gale borte mot eit topplag, seier Hetlevik og legg til:

– I andreomgang vinn Sotra fleire duellar og spring meir enn oss. Vi skapte nokre sjansar etter at dei gjekk opp i 2–1. og det hadde nok ikkje vore noko å seia på om vi hadde fått med oss eitt poeng i dag, men det gjorde vi ikkje.

Vidare fortel Hetlevik at han ikkje hadde behov for å kjefta på spelarane i garderoben etter kampen.

– Det var ein dårleg kamp. Dei er like skuffa som eg er. Vi vinn og taper som eit lag. Vi må berre syta for å ta alle motstandarar på alvor, og vera klar til kvar kamp. Vi har kamp igjen alt på onsdag mot Sogndal 2. Det er godt at vi kan koma i gang igjen kjapt og syta for at vi reiser oss igjen.

Sotra, som står med 22 poeng, har ei luke på seks poeng ned til Lysekloster, men Lysekloster har ein kamp mindre spelt.