Endre Brenne blir assistentrenar for Os A-lag, Martin Eidsvik er ny trenar for Os 2 og Karl Kvile skal leia A-laget. Til høgre sportsleg leiar Jan Frode Skeie.
Endre Brenne blir assistentrenar for Os A-lag, Martin Eidsvik er ny trenar for Os 2 og Karl Kvile skal leia A-laget. Til høgre sportsleg leiar Jan Frode Skeie.

Klar for å møta forventingane om opprykk

– Det er ikkje lett for fotballinteresserte osingar å akseptera at Os er i 4. divisjon. Dei forventar og krev opprykk, og det skal vi jobba hardt for å klara, seier den nye trenaren for A-laget, Karl Kvile (49).

Eitt år etter at Kvile kom til Os Fotball og tok over jobben som trenar for Os 2, er han tilsett som trenar for A-laget. Han er alt godt i gang med jobben.

– Vi ønskjer å rykkja opp, noko eg reknar med dei fleste 4. divisjon- og 3. divisjonslag gjer. Dei ønskjer seg opp og fram. Os er ikkje eit unntak. Os er ein tradisjonsrik klubb. Vi vaksne, som snart er 50 år, og generasjonen før meg, veit at Os ikkje er van med å liggja i 4. divisjon. Det er ikkje lett å akseptera. Det er nok mange som rynkar litt på nasen, seier Kvile, som veit at mange kjem til å forventa og krevja opprykk neste sesong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvile har sjekka statistikken for dei siste ti sesongane.

– To lag rykkjer opp kvar sesong. 20 lag har altså rykt opp frå 4. divisjon til 3. divisjon i løpet av dei siste ti sesongane. Fire av dei som rykte ned i denne perioden, har gått rett opp igjen. Skal ein følgja det reknestykket, er det 20 prosent sannsynlegheit for å rykkja opp. Det blir ikkje lett.

Vidare fortel Kvile at han har rekna på kor mange poeng dei må ha for å nå målet.

– Tertnes rykte opp med 42 poeng i år. Det er veldig sjeldan. Eg reknar med at vi må ha 53 poeng. Det vil seia 17 sigrar, to uavgjort og tre tap. Det er tøft i 4. divisjon. Då er vi avhengige av å halda på stamma i laget, og få inn nokre nye spelarar, seier den nye trenaren.

Har plukka ut spelarar

Troppen til Os er førebels ikkje sett. Kvile fortel at han veit at det er sendt brev på nokre av spelarane i dagens stall.

– Det er nokre spelarar som er attraktive for andre klubbar. Det er positivt at vi får fram spelarar som er interessante for andre. Om dei endar opp med å skifta klubb, veit eg ikkje, men signala er at majoriteten blir med vidare. Det blir også jobba med å få inn nokre nye spelarar.

– Er dette spelarar som du har plukka ut?

– Eg har spelt inn forslag på eit par spelarar som eg godt kan tenkja meg. Det er ein del ting som må klaffa. Dei må ønskja å reisa til Os for å spela fotball. Det er ein del som bruker argumentet at det er så langt å reisa. Då må vi vera flinke til å argumentera for kva vi er gode på, og så må spelarane sjølv ta stilling til om dei ønskjer å vera med her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruker det ein har

Os fekk i fjor ein del kritikk for å vera for opptekne av å halda på ballen, og for å vera lite gjennombrotshissige. Kvile meiner at det er ein god eigenskap å kunna halda på ballen.

– Det er gjort mykje positivt i klubben dei siste åra med tanke på spelestil. Det vil alltid vera unntak, men det laget som har mest ball, vinn flest kampar. Vi skal framleis vera posession-orienterte, men vi må også læra oss kvar motstandaranes mål står. Vi kjem til å vera litt meir direkte i år. Dei offensive pasningane skal bli slått oftare.

Kva for formasjon eller spelesystem Os kjem til å bruka neste sesong, er det for tidleg å svara på, fortel Kvile. Han ønskjer nemleg å få på plass laget før han tek stilling til det.

– Eg ønskjer ikkje å hengja meg opp i talkombinasjonar. Om ein inviterer folk heim til seg på ein tre-rettars middag, og har gløymd å handla, så bruker ein det ein har i skapet og gjer det beste ut av det. Slik er det også med å setja opp eit lag. Eg kjem til å sjå på troppen, og kva for system som best passar spelarane og eigenskapane deira.

Trenarteamet

Endre Brenne, dagleg leiar i Os Fotball, kjem til å vera assistenten til Kvile. Os har også fått inn Per Hilmar Nybø, som spelte 125 kampar for Brann frå 1986 til 1992.

– Per Hilmar har ei fortid i Brann og Fana. Han kjem til å driva rolleøkter for ungdom og A-laget. Vidar Bahus har gitt beskjed om at han ikkje har høve til å vera keepertrenar denne sesongen, så det blir jobba med å få ein ny inn der, seier Kvile.

Martin Eidsvik har fått ansvaret med å leia Os 2. Os & Fusaposten kjem attende med ei sak om han seinare.

Då Os & Fusaposten snakka med Kvile i dag, venta han ein pasient i tannlegestolen. Kvile er utdanna tannlege, og har totalt fem praksisar, fordelt på Odda, Norheimsund, to i Bergen og ein på Jæren. Han er i tillegg utdanna pilot.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg flyr ikkje lenger. Det er halvtanna år sidan sist. Tidlegare kombinerte eg yrka. Bakgrunnen for at eg er både pilot og tannlege er ikkje meir spanande enn at eg først reiste til USA og utdanna meg som pilot. Då eg kom heim, var det vanskeleg å få jobb. Eg ville ikkje venta, så i mellomtida studerte eg til tannlege. Medan eg utdanna meg, skjedde det ei endring i flybransjen. Dei starta å ta inn pilotar. Eg starta i SAS i 1999 og har kombinert yrka sidan. No er flyginga lagt litt på hylla, men vi får sjå kva framtida bringer.

Opprykk i bursdagsgåve

Kvile har i tillegg UEFA A-lisens. Han har tidlegare vore trenar i Brann-systemet, før han gjekk til Løv-Ham og sidan i Fyllingsdalen etter at klubbane blei slått saman. No er han altså hovudtrenar for 4. divisjonslaget Os.

– Har du store ambisjonar om på sikt å bli trenar på det øvste nivået i Noreg?

– At eg hamnar i toppen av norsk fotball ser eg som lite sannsynleg. Dei kortsiktige planane er å gjera det best mogleg med Os. Om jobben eg gjer i Os, gjer meg attraktiv andre stader, så får eg vurdera det der og då. Eg blir 50 år i 2018, som forhåpentlegvis er opprykkssesongen til Os. Det ønskjer eg meg i bursdagsgåve.