3-1-skåringa var eit perfekt angrep avslutta av kaptein Espen Birkeland, her saman med Kristoffer Østervold, som var delaktig i forarbeidet.
3-1-skåringa var eit perfekt angrep avslutta av kaptein Espen Birkeland, her saman med Kristoffer Østervold, som var delaktig i forarbeidet.

– Ein maktdemonstrasjon

Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik er tydeleg nøgd etter å ha sett spelarane sine køyra over Sotra i andreomgang av oppgjeret i Lysefjorden i dag. Lysekloster gjorde jobben, men dei er avhengige av hjelp frå Os om det skal bli opprykk.

– Vi er best i alt i andreomgang. Dei kjem seg knapt ut frå eigen boks med ballen. Botnsolid omgang, seier Hetlevik.

Viktig utlikning

Det same kan ein ikkje seia om dei første 45 minutta. Omgangen var prega av slurv frå heimelaget, og det var Sotra som tok leiinga .

Artikkelen held fram under annonsen.

– Målet vi fekk mot oss var ein personleg feil. Eg trur dei fire siste måla vi har fått mot oss kjem av nettopp det.

– De har hamna under i ein del kampar, og ser først ut til å vakna etter det. Kva trur du er grunnen til det?

– Det er nok litt tilfeldig. Før pause, og gjerne dei første 60 minutta, har begge lag mykje energi. Då er det ikkje så lett for oss å bestemma kor fort det skal gå. Men vi er eit lag med mykje energi, og held distansen ut, seier Hetlevik.

Kasper Hjørngaard sprang rett bort til Ruben Hetlevik etter 2-1-skåringa.
Kasper Hjørngaard sprang rett bort til Ruben Hetlevik etter 2-1-skåringa.

Lysekloster fekk ein viktig utlikning før kvilen. Ole Thomas Herrem fann Stian Dyngeland på veg gjennom. Dyngeland avslutta eit flott angrep med ei minst like flott avslutning – ein lobb over keeper og i mål.

Klasseangrep

Det var eit heilt anna heimelag som kom på banen i andreomgang. På sidelinja stod Hetlevik og jaga spelarane i nesten heile omgangen.

– Eg veit ikkje om eg var meir engasjert enn eg plar vera. På dei to skåringane i andreomgang var eg gjerne det. Eg liker å leva med i kampane. Det er ikkje kjefting. Det er ros eg kjem med, seier Hetlevik.

Etter 69 minutt fekk Lysekloster endeleg den velfortente skåringa. Ein dødball frå venstre fann midtstoppar Kasper Hjørngaard. Headinga frå stopparen var godt utanfor rekkjevidda til Sotras keeper. Lysekloster-leiren feira som om opprykket var sikra.

Heimelaget heldt fram med å køyra kampen, og etter 77 minutt kom kampens flottaste angrep. Kristoffer Østervold venda vekk ein Sotra-spelar ute til venstre i banen kring midtbanen. Han såg opp og fann Armin Pasagic med ein presis pasning. Kaptein Espen Birkeland kom på eit sugande løp gjennom midten. Det fekk Pasagic med seg og stakk ballen gjennom, og Birkeland avslutta angrepet med å chippa ballen forbi keeper som var på veg ut. Tre nye poeng i boks for Lysekloster.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os kan senda Lysekloster opp

Munkane låg likt med Brattvåg før nest siste runde. Det gjer dei også no. Brattvåg vann heile 8–0 mot Haugesund 2, og har ein klart betre målskilnad. Det ligg an til å bli ein spanande siste runde. Os kjempa seg tilbake frå 0–2 borte mot Aalesund 2, og fekk med seg eitt poeng. Det gjer at Os berre kan rykkja ned om dei tapar stort heime mot Brattvåg i siste kamp. Stord og Haugesund 2 ligg bak Os med tre poeng. Os har minus 9 i målskilnad. Stord har minus 14 og Haugesund 2 har minus 19. Haugesund 2 og Stord skal spela mot kvarandre i siste kamp.

Os kan, med poeng mot Brattvåg, samstundes som Lysekloster gjer jobben borte mot Brann 2, syta for opprykk til munkane. Lysekloster-kaptein Birkeland, håpar på eit heiltent Os i siste runde.

– Eg trur ikkje at dei vil avslutta sesongen heime med ei svak framsyning. Det er det ingen som ønskjer. Eg forventar at dei har såpass stoltheit, så kan det henda at dei ler av meg når eg seier det, seier Birkeland, som også er godt nøgd med andreomgangen dei spelte i dag.

– Det er noko av det sterkaste vi har prestert i år. Vi har hamna under i ein del kampar. Eg har inga god forklaring på kvifor, men så sett vi inn eit gir som dei fleste andre laga ikkje har, og snur kampen.