Os-damene jubla som om dei hadde vunne serien, men dei kjempar framleis mot nedrykk.
Os-damene jubla som om dei hadde vunne serien, men dei kjempar framleis mot nedrykk.

– Dette var som ein cupfinale

Os-damene måtte slå Bjørnar i Oshallen i dag for å ha mogelegheit til å halda seg i 2. divisjon. Det klarte dei, mykje takk vera Nora Berge som verkeleg tok ansvar.

– Dette var som ein cupfinale. Det har vi snakka om. Det er uansett ikkje noko eg kunne ha pakka inn på førehand. Det er klart at jentene kjente på nervane, men det skal dei også takla, seier Gitte Torp, som leia damene åleine i kveld då Trond Førde Eriksen er sjuk.

Etter ein god start var både Os-damene og publikum høgt oppe, men det blei raskt meir nervøs stemning i Oshallen. Bjørnar skåra fire på rappen og tok over initiativet i kampen. Os kom seg til hektene og var gode mot slutten av omgangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi starta bra, før Bjørnar fekk to dumme straffekast. Vi blei betre – og gjorde som vi hadde snakka om – mot slutten av omgangen, seier Gitte.

Tre Os-skåringar på rad før pause, gjorde at leiinga til bortelaget blei redusert til to mål. 12–14 stod det på tavla då laga gjekk til pause. I første omgang hadde Os problem med å stoppa strekspelaren til Bjørnar.

– Vi hadde snakka om ho på førehand, og Tiril (Os-keeper Tiril Grønvigh journ.mrk.) veit at ho ofte lobbar, men ho gjekk på. Tiril hadde uansett ein kanonkamp – med fleire viktige redningar, seier Gitte.

Madeleine Hjertnes og Gitte Torp diskuterte undervegs.
Madeleine Hjertnes og Gitte Torp diskuterte undervegs.
Det stod mykje på spel, men Os-spelarane klarte å halda på humøret.
Det stod mykje på spel, men Os-spelarane klarte å halda på humøret.
Nora Berge leverte ni skåringer, og var blant dei som verkeleg tok anvar i kveld.
Nora Berge leverte ni skåringer, og var blant dei som verkeleg tok anvar i kveld.

Kjende på nervane

Etter pause fekk Os meir kontroll på strekspelaren, og meir kontroll på kampen, sjølv om laga følgde kvarandre tett i store delar av omgangen. Nora Berge starta på benken og kom inn halvvegs i første omgang. Ho var ein av dei som verkeleg stod fram i kveld, og Nora blei hylla av både laget og trenaren etter kampslutt.

– Nora leverte verkeleg i dag. Ho stråla, seier Gitte.

Totalt blei det ni mål på Nora. Ho hadde fleire viktige skåringar i perioden kor Os sleit i førsteomgang, og fleire viktige mål mot slutten av kampen då Os drog ifrå.

– Vi kjende på nervane i dag, fortel Nora etter kampen.

– Jentene gjer likevel ein god kamp. Alle stod på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva synast du om det du sjølv leverte i dag?

– Det gjekk betre enn det plar gjera, seier ein audmjuk Nora, før ho legg til:

– Eg er nøgd med innsatsen. Det var viktig at vi vann i dag, elles hadde vi rykkja ned. No skal vi kjempa vidare, seier ho.

Framleis håp

Laga følgde kvarandre tett i ein periode av andreomgang, men ein fekk likevel kjensla av at Os-damene var meir på og at dei hadde føringa i oppgjeret. Mot slutten leverte Tiril fleire viktige redningar, samstundes som at angrepsspelet stemde. Då Line Hjelle Berentsen sette inn 28-23-skåringa minuttet før slutt, runga Seier´n er vår på tribunen.

– Hadde du framleis trua då de låg under med fem mål i første omgang.

– Eg hadde trua heile vegen. Vi vurderte å leggja om til seks i forsvar, og vi snakka om å ta ut ein eller to spelarar ved å setja frimerke på dei, men vi heldt fram i eit 5-1-forsvar. Vi er gode på det, og det fungerte. No må vi konsentrera oss om å gjera jobben mot Fana også. Vi kan ikkje gjera noko med andre resultat, så vi må berre fokusera på oss sjølve, seier Gitte.