- Vi køyrde tre runder i rundkøyringa før vi kom oss ut, fortel Liv Grete og Ann Elen Skjelbreid som tok turen frå Hålandsdalen til storbyen Os.
- Vi køyrde tre runder i rundkøyringa før vi kom oss ut, fortel Liv Grete og Ann Elen Skjelbreid som tok turen frå Hålandsdalen til storbyen Os.

Desse systrene kan velta kommunesamanslåinga

Ordførarane trur opphavsretten til Liv Grete og Ann Elen Skjelbreid kan bli eit hett tema i fellesnemnda. Men fyrst snur Fusa-damene Kvinneforeningen på hovudet.

Advarsel: Det kan vera lurt å skru ned volumknappen før du startar dagens podcast.

Få med deg kva skiskytaressa Liv Grete og Ann Elen Skjelbreid fortel om flørting i langrennssporet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit ikkje kva vi skiskytarar eigentleg fell for hos kvarandre, for det er jo ingen som ser tomare ut i blikket enn ein som går over mål etter å ha gått ein mil på ski, ler Ann Elen.

Systrene fortel også om kor vanskeleg det er å finna roen på tur med ungane, sjølv om dei for lengst har lagt opp som aktive toppidrettsutøvarar.

– Det er grusomt å vera ute i løypa og sjå ein rygg. Eg blir berre dratt mot han og må forbi, seier Ann Elen.

Korleis problemstillinga artar seg i trafikken, vil dei ikkje kommentera.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no