SaknaNyhende

Vil etterlysa Holsen internasjonalt

– Vi jobbar på spreng med saka, seier politiet i Os om etterlysinga av 29 år gamle Alexander Holsen.

AV Camilla Kvamme
Publisert
Oppdatert:

Lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal, seier at politiet ønskjer å ta kontakt med kontaktane sine i Interpol, og etterlysa Holsen i internasjonalt. Dyrdal fortel at dei ikkje har konkrete indikasjonar på at 29-åringen kan befinna seg i utlandet, men at han hadde planar om å reisa.

– Det var eit mål. Om vedkomande har reist, eller om han oppheld seg andre plassar, er førebels opent, seier lensmannen.

Måndag vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon etter 29-åringen. Då hadde ikkje Holsen vore i kontakt med familien sin sidan 4. oktober.

Leitinga måndag gav ikkje resultat, og tysdag føremiddag vart søket avslutta.

– Vi har fått inn tips om observasjonar som gjev grunn til å tru at han framleis er i live, sa politiet til Os og Fusaposten tysdag.

Etterfoskinga held likevel fram, og torsdag seier altså politiet at dei vil søkja etter Holsen utanfor landets grenser.

– Det kjem inn tips i ny og ne, men det er ikkje så mykje. Vi vil gjerne ha alt som er av relevans, seier Dyrdal.

Saken fortsetter under annonsen.

Gjerne opptil ein månad tilbake i tid.

– Vi er interessert i å få kartlagt kven han har vore saman med, omgangskrinsen hans og kvar han har oppheldt seg, understrekar lensmannen.

Holsen er 1,68 m høg, har normal kroppsbygning og mørkeblondt hår. Det er ikkje kjent korleis 29-åringen var kledd då han vart borte, men han bruker å gå med lue, blå ytterjakke, tynn strikkegensar, grå eller svart joggebukse, samt svarte eller kvite joggesko.

I avhøyr

Onsdag morgon var det innbrot på Best-stasjonen i Os. Kort tid etter fekk politiet melding om hørverk på Os kyrkjgard. 12 gravstøtter var kvelva, og døra inn til kyrkja vandalisert.

Ein mann som vart gripen same morgon, er mistenkt for å stå bak dei to ugjerningane.

Torsdag vart han avhøyrt.

– Vi held på med avhøyr i skrivande stund. Kva som vert resultatet av avhøyret må vi koma attende til i morgon, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal torsdag ettermiddag.

camilla.kvamme@osogfusa.no

Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.