(
(

– Vi kjem til å vera synlege på skulane framover

Politiet i Fusa har valt å ha ekstra fokus på skulane kring skulestarten.

– Onsdag hadde vi trafikkontroll ved Eikelandsosen skule i samband med oppstart. 22 bilar blei kontrollerte med tanke på bilbelte og sikring av born. Det såg veldig bra ut, seier politibetjent Anders Opsal og legg til:

– Det vil bli fleire kontroller på skulane framover. Det er greitt å vera synlege og følgja opp og sjå at foreldre sikrar borna. Vi har inntrykk av at det stundom kan vera vanskeleg for foreldre å få borna til å ta på seg setebeltet. Då kan det hjelpa at politiet er til stades. Det er gjerne nokre som berre har 500 meter til skulen, men som likevel blir køyrd. Då tenkjer dei gjerne at det er så kort veg at det ikkje er naudsynt å sikra seg, men det er det.