Tysdag blei nettsidene, framtidajunior.no, lanserte på Sagvåg skule på Stord.  På heimesida til Os & Fusaposten, osogfusa.no, vil du frå i dag av finna ein eigen link barneavisa sin nettstad.
Tysdag blei nettsidene, framtidajunior.no, lanserte på Sagvåg skule på Stord. På heimesida til Os & Fusaposten, osogfusa.no, vil du frå i dag av finna ein eigen link barneavisa sin nettstad.

Verdspremiere på ny barneavis: Framtidajunior.no er klar!

I dag vart nettsida Framtidajunior.no lansert. Om berre nokre veker kjem også verdas første nynorske papiravis for born - der Os & Fusaposten er ei av samarbeidsavisene.

– Me vil laga eit tilbod som er så spennande og godt at borna har lyst til å bruka det i fritida – og så lærerikt, bra og nyttig at foreldra og lærarane vil ønskja at ungane bruker det på skulen og heime, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Den nynorske nettstaden for born mellom 7 og 13 år vil ha nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, spel, skrivekonkurransar, debatt, video, musikk og aktivitetar for born over heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Redaktør i Os & Fusaposten, Jostein Halland, er glad for å vera ein del av storsatsinga:

- Me ynskjer å vera ei lokalavis også for denne aldersgruppa og deira foreldre og besteforeldre. Me har jamleg saker for born i den vanlege avisa, men dette vert noko heilt anna; ei heilt eiga avisa på borns premissar, om og for born. Me vonar dette vert godt motteke både blant borna, skulane som me ynskjer skal ta dette aktivt i bruk og dei føresette.

Os & Fusaposten skal bidra med saker til papiravisa, og me har også fått med oss helsesøster Tonje Lindborg og veterinær Eva-Kristin Lunde som begge skal bidra i faste spalter i avisa.

Stort behov

Ei undersøking på barneskular i nynorskområde, viser at 97 prosent av kontaktlærarane ønskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk.

– Dette viser at det er eit stort behov for fleire tilbod på nynorsk, seier Svein Olav B. Langåker.

Tysdag blei nettsidene, framtidajunior.no, lanserte på Sagvåg skule på Stord.

På heimesida til Os & Fusaposten, osogfusa.no, vil du frå i dag av finna ein eigen link til framtidajunior.no.

Stort samarbeid

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Framtida.no, Magasinett, ABC Startsiden og Samlaget har tatt initiativ til storsatsinga. Både Kulturdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Sparebanken Vest støttar oppstarten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er veldig glade for spleiselaget me har fått til, seier Svein Olav B. Langåker.

Framtidajunior.no er den største satsinga sidan Framtida.no blei starta for sju år sida. Nyhende- og debattavisa for ungdom har opplevd ein stor auke i brukartalet, og har så langt i år hatt over ein halv millionar brukarar innom nettsidene sine.

– Ein viktig grunn til at det har gått så godt med Framtida.no, er det gode samarbeidet me har hatt med både lokalaviser, nynorske organisasjonar og mange andre, seier Langåker.

Framtidajunior.no vil også samarbeida med ei rad andre.

Startar papiravis

Første helga i november kjem Framtida junior som papiravis.

Lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland er alle med på samarbeidet med LNK og Framtida.no.

– Eg er utruleg glad for at Noregs beste lokalaviser er med på denne satsinga, seier Svein Olav B. Langåker.

Papiravisa vil vera ei abonnementsavis som kjem ut kvar 14. dag, med nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, teikneseriar, kvissar og mykje anna unikt, interessant og kjekt innhald.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil ta born og unge på alvor, og bidra til å visa fram og auka engasjementet deira, seier B. Langåker.

post@osogfusa.no