230 jenter pluss 60-70 hjelparar klare for den store dagen på Nore Neset idrettsplass.
230 jenter pluss 60-70 hjelparar klare for den store dagen på Nore Neset idrettsplass.

Velsmurt maskineri og fantastisk arrangement

Jentefotballdagen er blitt ein festdag for fotball, jenter, samhald og gledje. Laurdagens arrangement på Nore Neset idrettsplass var super for alle partar.

Dei kom frå alle kantar til det store idrettsanlegget på Nore Neset. Hand i hand med mor eller far, saman i gruppar, eller ein og ein litt usikre på kvar dei skulle. Men det gjekk ikkje lange tida før samtlege deltakarar vart tekne imot på best tenkjeleg vis. Deligert til gruppar og innlemma i den store og flotte fellesskapen. For når ein ser det heile litt frå sida, så er det jo nettopp det som er kjernen i arrangementet, og mykje av grunnen til at jentene ser ut til å lika seg så godt. Det er fellesskap frå morgon til kveld. Alt tilrettelagt og organisert for at jenter i aldaren 5 til 11 år skal få ein best mogleg introduksjon til fotballsporten og alle dens gleder og mangfald.

Leiarar i bøter og spann

Den store jentefotballdagen vart første gong gjennomført i Os i 2013. Sidan den gong har opplegget blitt svært så gjennomarbeida og tilrettelagt. Laurdag tok dei imot bortimot 240 jenter, og berre mottakinga er verd eit par linjer med skryt.

Artikkelen held fram under annonsen.

På veggen utanfor aktivitetshuset stod namnet på alle deltakarar lista opp. På lista kunne foreldra også finna ut kva gruppe jentene skulle tilhøyra, og kven av dei vaksne som hadde ansvaret for nett den gruppen. Og som om ikkje det var nok, stod fleire grønkledde hjelparar med skilt heva høgt over hovudet: "Spør om du lurar på noko".

– Det meste er klart no. Me har 21 gruppar og 21 stasjonar med øvingar. Leiarar, instruktørar har me meir enn nok av. Det verkar som foreldre, trenarar og spelarar synest det er like kjekt å vera med, som deltakarane sjølv, seier arrangementansvarleg Eirik Andrè Hesthamar.

Laurdag hadde han med seg 21 vaksne gruppeleiarar, 21 gruppeleiarar og 18 instruktørar.

Alle deltakarane fekk t-skjorte, ballar og drikkeflaske.
Alle deltakarane fekk t-skjorte, ballar og drikkeflaske.
Pressisjonsskyting med trenar for Os A-lag, Tim Henrik Sperrevik.
Pressisjonsskyting med trenar for Os A-lag, Tim Henrik Sperrevik.
Det er viktig å kjøla seg litt i varmen.
Det er viktig å kjøla seg litt i varmen.
Lissene må knytast godt  før første øving.
Lissene må knytast godt før første øving.
Foreldra fann fort ut kvar jentene sine skulle ta vegen når dei kom.
Foreldra fann fort ut kvar jentene sine skulle ta vegen når dei kom.
Teknikøving er eit must på dagar som dette.
Teknikøving er eit must på dagar som dette.
Malene Heggø Nordland frå Søfteland fekk verkeleg smaken på fotball då ho var med på jentefotballdagen i fjor. I år var ho tidleg klar på at ho skulle vera med.
Malene Heggø Nordland frå Søfteland fekk verkeleg smaken på fotball då ho var med på jentefotballdagen i fjor. I år var ho tidleg klar på at ho skulle vera med.
Lea Celine samlar gjengen i gruppe 12.
Lea Celine samlar gjengen i gruppe 12.
To av dei 21 stasjonane bydde på speleøkter.
To av dei 21 stasjonane bydde på speleøkter.
Litt hinder- og kondisjonstrening må også til.
Litt hinder- og kondisjonstrening må også til.
Maiken Nesse og Synne Emilie Mjånes Tøssebro frå Os jenter 14 var blant dei flinke instruktørane som stilte opp.
Maiken Nesse og Synne Emilie Mjånes Tøssebro frå Os jenter 14 var blant dei flinke instruktørane som stilte opp.
Kristin Holstad, Torill Hesthamar, Henriette Vestbø Færevaag og Monica Hesthamar tilbereiar frukten til første pause.
Kristin Holstad, Torill Hesthamar, Henriette Vestbø Færevaag og Monica Hesthamar tilbereiar frukten til første pause.
Madelen og Victoria gler seg sjukt til det heile skal starta.
Madelen og Victoria gler seg sjukt til det heile skal starta.

Hoppeborgar og disco

Og skulle jentene slita med å få ut alle energien i solsteiken var det høve til å få aktivisert seg endå meir inne i aktivitetshuset.

– Med å mange jenter har me fått ordna to hoppeslått som me har rigga til inne i idrettshallen. Der blir det også disco frå klokka 17.-19 i kveld, smiler Hesthamar.

– Det er sjette gong de arrangerer denne dagen. Framleis like kjekt?

– Veldig. I tillegg ser me at det ber fruktar. Før første jentefotballdag hadde me åtte serielag i Os for jenter. I dag har me nær 40. Jenter og fotball er på frammarsj, smiler Hesthamar.