Tove Bergem jobba i Tryg forsikring inntil nyleg. No satsar ho på hobbyen med teikning/måling.
Tove Bergem jobba i Tryg forsikring inntil nyleg. No satsar ho på hobbyen med teikning/måling.

Vart oppfordra til å stilla ut i Os

Laurdag opnar Tove Bergem utstillinga «Det øyet ser» i Vognhallen i Os.

Bergensaren har stilt ut i Os tidlegare, men dette er hennar første seperate utstilling.

– Eg har mange vener og kjente frå Os og fleire av dei har oppfordra meg til å stilla ut arbeidet mitt i bygda deira. No har eg endeleg teke mot til meg og fått laga ein avtale med Vognhallen, fortel Bergem.

Artikkelen held fram under annonsen.

44-åringen har med seg totalt 30 bilete – alle laga med ei form for kritt-teikning.

– Eg teiknar med soft pastell-fargar, som er ei form for kritt. Arbeidsforma er karakteristisk for alle bileta eg lagar, fortel Tove.

Ho fekk tidleg interesse for det å laga bilete, og å «komponera» bileta fotografisk.

I dag er ho del av eit 18 personar stort kunstnarkollektiv i Fyllingsdalen.

Humor og ettertanke

Utstillinga i Vognhallen er ei sommarutstilling. I så måte er det naturleg å forventa at temaet «sommar» er å finna i bileta.

– Ja, sommar er nok ein raud tråd her, men det er også humor. Eg vert ofte inspirert av fotografi eller episodear eg opplever som underfundige.

– Kor lenge varer utstillinga di?

– Det blir frå no laurdag til neste – ei veke totalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det opning med brask og bram?

– Hehe, nei, du kan vel heller seia me opnar med sommarleg, mjuk stemning. Eg har med meg ein ung mann på cello frå Bergens Ungdoms Filharmoni. Han spelar Bach, så her blir det lett, klassisk sommarstemning, konstaterer Tove.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no