Ostfest må i framtida greia seg utan noko særleg kommunal støtte. Det vart signalisert av formannskapet i dag.
Ostfest må i framtida greia seg utan noko særleg kommunal støtte. Det vart signalisert av formannskapet i dag.

Varslar utfasing av Osfest-støtte

Politikarane vedtok å gje støtte til Osfest i år, men varslar først halvering og deretter utfasing av tilskotet.

I formannskapet i dag vart Osfest-støtta behandla, og i år merka ein at det var skjedd eit stemningsskifte i høve til omfanget av kommunal støtte.. Organisasjonen hadde søkt om 500.000 kroner i støtte, men administrasjonen valde å innstilla på 200.000 kroner. Frp/H var på linje med dette, men varsla at dei vil halvvera tilskotet til neste år, og året etter det att - vil støtta vera på nivå med KUP-midlane. KUP-tiltaka får gjerne rundt 10.000 kroner i årleg støtte.

Viste til samanslåinga

Espen Aspenes presenterte framlegget på vegner av Frp/H, og la vekt på kommunesamanslåinga. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me signaliserte heilt frå starten at me ville vera ein fødselshjelpar for Osfest, men at dei på sikt må klara seg sjølv. I 2020 er me ein ny stor kommune, og må sjå ting i eit litt anna lys. Då me må sjå om me har den type midlar å dela ut i 2020, eller om me skal prioritera annleis. Me seier dette alt i år for å gje Osfest god tid til å finna andre inntektskjelder eller måtar å kutta kostnader, sa Aspenes.

Konkursen

Jon Sivert Rykkel (V) gav si støtte til Frp/H sitt framlegg. 

– Me har ikkje vore heilt konsekvente i høve til Osfest. Dei har fått til mykje positivt, det er alle einige om. I lokal målestokk har det vore noko heilt unikt. Men no har dette blitt ei vanskelegare sak når sjølve Osfest AS er gått konkurs og lokalt næringsliv har tapt pengar på det. Denne utviklinga må vegast opp mot dei positive sidene ved Osfest. Eg synest difor det er fornuftig med ein nedtrappingsplan. Det er eit føreseieleg og ryddig signal, sa Rykkel.

Ville overføra til KUP

Nils-Anders Nøttseter (MDG) ville ikkje gje Osfest støtte i det heile tatt i år, men ville heller overføra dei 200.000 kronene til KUP-midlane. Han føreslo også at Osfest måtte begynna å føra rekneskap. 

– Det er heilt normalt når kommunen stør kulturtiltak at det er med rekneskap, og det blir også stilt krav til når det gjeld KUP-midlane. Kvifor ikkje det har vore noko krav for Osfest forstår eg ikkje. Fellesskapet skal ha innsyn i korleis midlane blir disponert, påpeikte Nøttseter.

Det siste fekk han Frp/H med på som fremja at revidert rekneskap skulle vera med før ny søknad vart sendt. 

Likevel stod Nøttseter fast på sitt første framlegg som handla om å overføra midlane til KUP. Dette fekk berre hans eine røyst, medan fleirtalet røysta for Frp/h sitt framlegg.