Her var det speglglatt i dag tidleg, men i føremiddag hadde nokon teke ansvar.
Her var det speglglatt i dag tidleg, men i føremiddag hadde nokon teke ansvar.

– Utfordringa er at det skjer samstundes alle vegar

Det er eit stort team som jobbar med å strø og salta vegar i Os. Kommunen har ein prioritert liste som dei jobbar ut ifrå, noko som kan gjera at det tek litt tid før dei kjem til din veg.

– Livsnaudsynte plassar, som til dømes brannstasjonen og slikt, blir prioritert først saman med barnehagar og skular. Først må vi ta hand om dei vegane, før vi kan ta, det er synd å seia det, men dei litt mindre viktige. Slik er det berre, seier einingsleiar for tekniske tenester, Dag Søfteland.

Sjå på heimesida til kommunen

Då underteikna gjekk over kyrkjegarden og vidare over kyrkjeflata i dag tidleg var det spegelglatt. Særleg på kyrkjeflata, men nokre timar seinare, hadde nokon vore ute og strødd småstein, slik at det gjekk an å gå der.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan ha vore nokon av oss. Mine folk sikrar sentrum, særleg torget og telthusplassen. Det blir veldig glatt på det nye dekket. Utfordringa er at det blir glatt alle vegar når det først skjer, så vi rekk ikkje overalt med ein gong. Då må vi jobba ut ifrå lista, seier Søfteland.

Det er fire tilsette i kommunen, og åtte private som syt for å tryggja vegane med brøyting, strøing og salting.

– Eg vil visa til kommunens oversikt. På heimesida vår finn ein kart over kva vegar vi brøyter. Der kan ein klikka seg inn og sjå om vegen er kommunal. Vi tek sjølvsagt ikkje private vegar.

Det nye dekket i Os er fint å sjå på, men det blir fort veldig glatt.
Det nye dekket i Os er fint å sjå på, men det blir fort veldig glatt.

Når ein er kommen inn på heimesida til kommunen klikkar ein seg vidare inn på veg, vatn, kloakk og avfall. Deretter vidare inn på veg og veglys, og så inn på brøyting og strøing.

– Der finn ein også oversikta over høgast prioriterte vegar, og kor det blir strødd om natta og i helger, seier Søfteland.

Kan letta trykket på vakttelefonen

På enkelte dagar kan det vera stor pågang på vakttelefonen til teknisk drift. I helga var det mange som tok kontakt.

– Eg vonar blir flinke til å bruke heimesida for informasjon, så blir det gjerne litt mindre trykk på vakttelefonen på dagar kor det er glatt.