Ti born mellom 9-13 år har gitt særs gode tilbakemeldingar om Ung husflid, og dei vaksne som har hjelpt til, har skrytt av borna og sjølv hatt stor gleda av å delta.
Ti born mellom 9-13 år har gitt særs gode tilbakemeldingar om Ung husflid, og dei vaksne som har hjelpt til, har skrytt av borna og sjølv hatt stor gleda av å delta.

Ung husflid har vore særs vellukka

Fusa Husflidslag vil i 2018 halda fram med det vi har fått best til i året som gjekk. Ung husflid har vist seg å verta særs vellukka.

Ti born mellom 9-13 år har gitt særs gode tilbakemeldingar om Ung husflid, og dei vaksne som har hjelpt til, har skrytt av borna og sjølv hatt stor gleda av å delta. Vi har fått støtte til tiltaket både frå Sparebanken Vest og Fusa Kraftlag, så i år blir det gratis for deltakarane, bortsett frå medlemsavgift til Norges husflidslag. Her blir det først til mølla som gjeld (sjå utlysing i dagens avis). Vi vil setja pris på om vaksne vil melda seg som medhjelparar.

Strikkekveld på Haandtverksgarden i Bjørndal var også vellukka, så den vil vi gjenta 19. mars, denne gongen med presentasjon av Hillesvågprodukt v/Bunadsverkstaden i Hegglandsdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strikking er «in», så i september vil vi prøva å få folk med i aksjonen «Strikk for eit varmare samfunn», med oppstart i Haandtverksgarden.

Temakveldane vert for det meste 3. måndag i månaden i 2018, men årsmøtet vert 22. februar, då vi samarbeider med Torsdagsakademiet om foredraget Bringedukar i Hardanger med Oli Lilletvedt.

Vi fekk ikkje i gang nokon av kursa vi lyste ut i haust, men prøver på nytt med tre kurs i vår (sjå utlysing). Aldersgrensa er 14 år, så kanskje det er ungdom som vil læra å baka eller laga sin eigen brystduk?

Torill Os Ådland

Styret