Nyleg lanserte Tysnesfestival to nye artistar, Dagny og Amanda Delara. Dagny (biletet) har den siste tida etablert seg som ein av Noregs store popyndlingar.
Nyleg lanserte Tysnesfestival to nye artistar, Dagny og Amanda Delara. Dagny (biletet) har den siste tida etablert seg som ein av Noregs store popyndlingar.

Tysnesfest sel fleire billettar enn i fjor

Pilene peikar framleis oppover for Tysnesfest, og det er selt fleire billettar enn på same tid i fjor.

Nyleg lanserte festivalen to nye artistar, Dagny og Amanda Delara.

Delara blei kåra til «Årets nykommer» i 2017 av musikkmagasinet Gaffa.no. Sommaren 2016 vart ho fanga opp av Red Bull Sound Select, noko som resulterte i ein utselt konsert på parkteateret i Oslo. Ho har i tillegg reist som «special guest» på turneen til Nico & Vinz.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagny har den siste tida etablert seg som ein av Noregs store popyndlingar. Med låtar som «Backbeat», «Fools Gold» og «Wearing nothing» har ho klatra raskt oppover hitlistene.

Ho hadde stor suksess med debutsingelen «Backbeat». I mai 2017 blei singelen spelt på den amerikanske TV-serien «Grey’s anatomy».

I desember kåra det anerkjende musikkmagasinet Billboard låta hennar «Love you like that» til verdas 79. beste låt i 2017.

Desse artistane er til no booka til Tysnesfest 2018: Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, Bigbang, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk og The Vossa Rebels,

jostein@osogfusa.no