Trur same person står bak innbrot og gravskjending

Politiet i Os har ifølgje lensmann Oddbjørn Dyrdal god grunn til å tru at personen som står bak hærverket på Os kyrkjegard alt er gripen.

AV Camilla Kvamme
Publisert
Oppdatert:

Om lag klokka halv åtte i dag tidleg vart ein våt, blodig og forkommen mann gripen ved den gamle brannstasjonen i Os sentrum. Mannen er mistenkt for å stå bak eit innbrot på Best-stasjonen halvanna time tidlegare.

Litt seinare på føremiddagen vart politiet på ny varsla om skadeverk. Denne gongen på Os kyrkjegard.

– 12 gravstøtter er kvelva, blomar er rivne opp, og vindusruter skal vera knuste. Politiet er på staden, melde Vest politidistrikt på Twitter.

I ettermiddag fortel lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal, at sterke indisum tilseier at same person står bak begge dei to hendingane.

– Vi har observasjonar og etter kvart også spor som kan knyta den same pågripne personen til skadeverket på kyrkjegarden og kyrkja, som til innbrotet på bensinstasjonen, seier Dyrdal.

Sjølv om indisia er sterke, held politiet førebels alle kort opne for om det kan vera fleire involverte.

– Mannen sit i varetekt. Han skal avhøyrast i morgon for begge dei to forholda, opplyser Dyrdal.

Lensmannen påpeikar at gravskjendinga isolert sett vert sett på som eit alvorleg forhold.

– Skadeverket er omfattande. I tillegg til å kvelva gravstøtter, har han gått laus på kyrkjebygningamed ein gjenstand eller ein stein. Det er ruter som er knuste, og skader på ei dør, fortel Dyrdal.

– Kva tilstand var mannen i då han vart gripen?

– Han var rusa. I morgon tidleg er han sannsynlegvis oppegåande nok til å verta avhøyrt, trur lensmannen.


Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.