Arvid Tveit, Arne Mæland og Øyvind Hægland håpar og trur osingane har tid og overskot - sjølv midt i julestria - til å tenkja på dei som ikkje har det så bra.
Arvid Tveit, Arne Mæland og Øyvind Hægland håpar og trur osingane har tid og overskot - sjølv midt i julestria - til å tenkja på dei som ikkje har det så bra.

Tre «vise» menn appellerer til ny innsats for svoltne i Afrika

33 år etter Band Aid er det framleis hungersnaud i Afrika. Øyvind, Arne og Arvid synest ikkje det er greitt.

– Me vert herda og blar ofte forbi avisstoff om daud og elende, svolt og katastrofar. Det er lett for, men det tyder ikkje at det er rett, seier Øyvind Hægland.

I lag med Arne Mæland og Arvid Tveit har han denne hausten late seg sjokkera av kor dårleg det framleis står til i store delar av Afrika.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I 1984 song Band Aid «Do they know it`s Christmas time at all» for svoltramma i Afrika. Problemet er dessverre like stort no 33 år etter. Etter det eg har lese meg til er det bortimot 30 millionar menneske som slit med å få nok føde til dagen. Det er enorme tal, seier Hægland.

Sjømannsprest Arvid Tveit, stemmer i.

– Grunnen til at me starta å prata om å gjera noko her i Os var situasjonen i Jemen. Der er folk sterkt ramma av svolt, samstundes som det er politisk uro, konstaterer Tveit.

Med Arne Mæland på laget frontar trioen no ein solidaritetskonsert i Os kyrkje torsdag 21. desember.

– Me vil gjera vårt, så håpar me osingane bidreg så godt dei kan, seier trioen.

Med påfølgjande bøsseinnsamling i romjula, håpar dei å få inn opp i mot eit par hundre tusen kroner til formålet.

I tråd med julebodskapen

Medan Øyvind og Arne har drege i gang fleire innsamlingsaksjonar og solidaritetskonsertar tidlegare, er Arvid Tveit fersk i dette gamet.

– Eg har gjerne vore i Nordsjøen ved tidlegare arrangement, men eg er veldig glad for å kunna vera med på dette no, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også kona hans, Liv Strømsvåg, er med på aksjonen.

– Me må få gje Øyvind litt kredit for at han tok til med dette prosjektet. Både kona mi Liv og eg synest veldig godt om slike initiativ, og var ikkje vanskelege å be med på laget, seier Tveit.

– Kva tenkjer de om å ha ein slik konsert, og ein slik innsamling no midt i julestria?

– Det er sikkert nokon som meiner at det er travelt nok som det er, men samstundes meiner me det er bra i tråd med julebodskapen. Dette om å tenkja på og gjera noko for dei som ikkje har det så bra. Me både håpar og trur at osingane finn tid til konserten, og at dei gjerna har noko avsjå når dei møter på oss med bøsser i romjula, seier trioen.

Solid samarbeidspartnar

Øyvind Hægland og Arne Mæland hadde sin første solidaritetskonsert i samband med tsunami-katastrofen i Thailand i 2004. Sidan har det blitt fleire med åra. Mange gonger har dei samarbeidd med Kirkens Nødhjelp.

– Det gjer me også i år. Dei har gode kontaktar i dei områda i Afrika der svolten er størst. Me føler oss trygge på at hjelpa når fram dit han skal, seier Øyind, Arne og Arvid.

Også her heime i Os får dei hjelp av erfarne folk innan bistandsarbeid.

– Diakon i Os Kyrkjelyd, Ingrid Vik, har sagt at dei skal hjelpa oss med formalitetane kring bøssebæringa. Det set me stor pris på, seier Arne Mæland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til no har dei i overkant av ti bøssebærarar som har meldt seg til innsats dei to aksjonsdagane fredag 29. og laurdag 30. desember.

– Målet vårt er at me får 30 bøssebærarar til. Det håpar me skal gå greitt, seier Hægland.

Målet for naudhjelpen er å hjelpa lidande i Jemen, Sør-Sudan, Nordaust-Nigeria og Somalia.

Artistane er alltid med

Sjølv om Hægland, Mæland og Tveit var noko seine med å dra i gang prosjektet ser dei ut til å ha fått sett saman eit breitt og variert program for konserten den 21. desember.

– Os-artistane er aldri vanskelege å be. Dei stiller alltid opp og det set me umåteleg pris på. Det same gjeld lokale medium, som alltid gjer sitt for at me skal nå ut med bodskapen kring arrangementa våre, skryter Hægland.

Sjølv om arrangørar og artistar samlast kring eit trist tema, meiner trioen Hægland, Tveit og Mæland, at det vil gjera godt å gjera ein innsats.

– Erfaringa er at ein får eit veldig sterkt samhald og fellesskap når ein engasjerer seg i slike sakar. Det å hjelpa gjer godt, og det å gjera noko saman er samlande. Me gler oss til konserten, og håpar osingane hjelper oss å hjelpa svoltne i Afrika, avsluttar solidaritetskonsert-arrangørane.

Artistane som er klare er:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Eirik Søfteland/Olav Skorpen

• Føyk

• Johann Sebastian Blum

• Ondt i Ryggen

• Kari Torsvik

• Eirin Røyknes

• Leif Østrem

• Bente Bratlund

Artikkelen held fram under annonsen.

• Ole Amund Gjersvik/ Marita Moe

kenneth.svenningsen@osogfusa.no