Rafael Villen Villen sytte for at Os kunne reisa heim frå Austevoll med ein 2-0-siger i bagasjen.
Rafael Villen Villen sytte for at Os kunne reisa heim frå Austevoll med ein 2-0-siger i bagasjen.

To Villen-mål gav siger

Os sitt A-lag kunne reisa heim frå Austevoll med 2–0-siger.

Laurdag møtte Os sitt A-lag Austevoll på Austevoll nye kunstgrasbane. Kampen skulle eigentleg ha gått av stabelen fredag, men på grunn av sterk vind vart han utsett.

Medan Os tronar øvst på tabellen med 49 poeng, ti poeng framføre Lyngbø, ligg Austevoll nest sist med berre 14 poeng. Men sjølv om heimelaget var på poengjakt, var det osingane som sette standarden for kampen 23 minutt inn i første omgang. Etter ein målgjevande pasning frå Øystein Takle Eide, sytte Rafael Villen Villen for at Os kunne jubla for kampens første mål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vel eit kvarter seinare, var Villen på pletten igjen. Denne gongen kom ballen frå Frode Storebø, og Os kunne gå til pause med 2-0-leiing.

2–0 vart også sluttresultatet. Neste laurdag møter Os Sandviken på Kuventræ kunstgress. Sandviken ligg på tredjeplass på tabellen.