Lang køNyhende

To bilar involvert i trafikkulukke ved Drageidebrua i Fusa

Det er full stans i begge retningar etter ei trafikkulukke på FV 48 ved Drageidebrua i Fusa.

AV
Publisert
Oppdatert:

Ulukka fann stad klokka 16.02 på Drageidebrua i nærleiken av Kilen. To bilar var involvert i ulukk. Tre personar skal etter alt å døma vera lettare skadd.

– Vi har ikkje fått fram våre ressursar enno. Men det skal vera ein frå helsepersonell på staden, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Terje Magnussen, litt før klokka halv fem.

– Ein person blør frå hovudet. Ein annan klager oer vondt i ribbeina, seier operasjonsleiaren.

Magnussen kan vidare opplysa om at det for tida er trafikale problem på ulukkesstaden.

Oppdatert: Brannvesen, politi og legebil skal no vera på staden.

camilla.kvamme@osogfusa.no

Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.