Fusa vgs stilte med eitt lag i jenteklassen og eitt lag i klassen for jenter og gutar (mix) i NM for vidaregåande skular.
Fusa vgs stilte med eitt lag i jenteklassen og eitt lag i klassen for jenter og gutar (mix) i NM for vidaregåande skular.

Svært sterk fjerdeplass i volleyball-NM

Fusa vgs sitt mixlag kunne reisa heim med ein svært sterk fjerdeplass etter NM i volleyball for videregåande skular.

Meisterskapen vart arrangert i Kristiansand i perioden 26. januar til 28. januar. Fusa vgs stilte med eitt lag i jenteklassen og eitt lag i klassen for jenter og gutar (mix).

I konkurranse med lag frå femten andre vidaregåande skular endte kvinnelaget til slutt på ein heiderleg 9. plass, medan mixlaget kom på ein flott fjerdeplass i kamp med tjuetre andre lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var berre to lag i frå Hordaland som var kvalifisert til NM i Kristiansand. Dette var Kvam vgs og Fusa vgs. Dessverre endte begge desse laga i same gruppe i puljespelet. Kvam vgs stilte med eit svært godt lag med spelarar frå Rossvoll og Strandulv som mange av spelarane frå Fusa er vane med å møta i den ordinære serien for klubblag. Kvam gjekk sigrande ut av pulja og enda til slutt på ein fjerdeplass.

Fusa vgs tok seg vidare til åttendedelsfinalen, men tapte dessverre her mot Nydalen vgs. Dermed vart det kamp om ei heiderleg plassering i dei siste kampane.

Fusa vgs gjekk sigrande ut av plasserings-sluttspelet og slo blant anna St. Olavs vgs som dei tapte knepent mot i puljespelet dagen før.

Kvam enda på fjerdeplass og Kristiansand katedralskole Gimle vant kvinneklassen.

Mixlaget til Fusa vann si pulje der dei møtte St. Svithun vgs og KVS Lyngdal. I klassen for mixlag stilte Tertnes vgs og Framnes kvgs frå Hordaland i tillegg til Fusa. Tertnes var ein av førehandsfavorittane etter at dei tok andreplassen i NM i fjor bak Danielsen vgs som ikkje stilte lag i år.

Dessverre rauk Tertnes ut i kvartfinalen mot overraskelseslaget Numedal folkehøgskule, og Framnes tapte åttendedelsfinalen mot Skeisvang vgs. Dermed var det berre Fusa vgs igjen som kunne forsvara Hordaland si ære. Mixlaget overgjekk seg sjølv i kvartfinalen og slo ut Kristiansand katedralskole Gimle som var ein av førehandsfavorittane.

Dessverre tapte Fusa så vidt det tredje settet i ein svært spennande semifinale mot Skeisvang vgs.

I bronsefinalen klarte ikkje Fusa å finna tilbake til det fantastiske spelet som gav dei sigeren i kvartfinalen og tapte to sett på rad mot Lambertseter vgs i bronsefinalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er likevel ein svært sterk fjerdeplass fusingane kan reisa heim med. Det var nemleg svært små marginar som gjorde at dei tapte semifinalen mot Skeisvang som til slutt enda opp med å vinna klassen for mixlag.

Jon Djupvik