Det er framleis litt tabubelagt og vanskeleg å snakka om økonomi, noko som gjer at born og unge kanskje står utanfor fritidsaktivitetar. Og det ønskjer vi ikkje.
Det er framleis litt tabubelagt og vanskeleg å snakka om økonomi, noko som gjer at born og unge kanskje står utanfor fritidsaktivitetar. Og det ønskjer vi ikkje.

Svar til Redd Barna: Born og fritidsaktivitetar i Os kommune

Laila Marie Reiertsen (Frp) svarer kampanjerådgjevar i Redd Barna, Synøve Linnea Halstensgård.

Halstensgård stiller i eit lesarbrev i Os & Fusaposten spørsmål om alle born i Os får delta på fritidsaktivitetar.

Både frå statleg hand og på kommunenivå har det vore stort fokus på barnefattigdom og deltaking i aktivitetar og opplevingar. Dette er godt forankra også i Os kommune, der ein har tverrfagleg merksemd i heile organisasjonen – barnehagar, skular, helsestasjon, barnevern, NAV, kultur, Frivilligsentralen og andre tilsette som er i kontakt med barn og unge. Kommunens tilsette formidlar støtteordningar til familiar som treng økonomisk bistand. Dette gjeld og til fritidsaktivitetar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os har vi også prioritert å tilsetja ein barnekoordinator nettopp for å ivareta barn og unge sine behov samt koordinera tenester på tvers for å ivareta våre born og unge på ein god måte. Faktisk er vi åleine i Hordaland og den fyrste i landet som oppretta ei slik stilling. Det viser at born og unge og deira liv skal prioriterast i vår kommune.

Helsestasjonen er ein aktør som kjem tidleg i kontakt med alle barnefamiliar i kommunen som har utfordringar. Og her vert det gjort eit godt arbeid med informasjon og kontaktflyt til rette instans som kan hjelpa i vanskelege situasjonar, også når det gjeld økonomiske utfordringar i høve til barns deltaking. Kontaktformidling til Røde Kors, NKS (Norske kvinners sanitetsforeining), Lions og andre organisasjonar som yter gode tiltak til born og unge samt NAV-systemet vert ofte formidla herifrå.

NAV sosial set tydelege krav til sitt arbeid med alltid å sjekka ut brukarar hos dei som forsørgjer born og unge. Dette er i tråd med retningslinjene frå Arbeids- og sosialdepartementet. Her kan ein og vidareformidla ulike aktivitetstilbod hos andre organisasjonar. I sosialtenesta har vi i tråd med den satsinga som har vore mot barnefattigdom prøvd å ha fokus på at born i fattige familiar ikkje skal måtta stå utanfor fritidsaktivitetar. Det har også vore viktig å informera om dei billige feriemogelegheitene som finst, både privat og hos frivillige lag og - organisasjonar.

For flyktningane dekkjer ein barnehage så lenge foreldra går i introduksjonsprogrammet, ein informerer om gratis aktivitetsleir på Nesttun, ein reiser på gardsbesøk saman med frivilligsentralen, samt arrangerer andre ulike aktivitetar. Ein dekkjer inntil éin aktivitet for kvart einskild barn og kan søkja om dekking av utstyr knytt til ein aktivitet.

Barnevernet er og ein god formidlar til å gje hjelp direkte og syta for kontakt med rett instans når det gjeld barnefattigdom.

Idrettslaga i Os er etter det eg forstår også raus og finn økonomiske løysingar på utfordringar knytt til born og unge og deltaking i idrett og aktivitet.

Så ja, alle barn i Os skal få delta om dei ønskjer det. Men då må ein og vita om dei som har utfordringar og ikkje minst få mogelegheit til å kunna hjelpa. Det er trass alt framleis litt tabubelagt og vanskeleg å snakka om økonomi, noko som gjer at born og unge kanskje står utanfor fritidsaktivitetar. Og det ønskjer vi ikkje.

Laila Reiertsen

FrP

Artikkelen held fram under annonsen.

Fungerande ordførar