Engeline har stadig fått fleire besøkande etter at Runa Solberg starta med quiz, dansemuskk og karaoke.
Engeline har stadig fått fleire besøkande etter at Runa Solberg starta med quiz, dansemuskk og karaoke.

Stemningsskaparen Runa: Lokkar stadig fleire til Engeline

Runa Solberg er ikkje redd for å sleppa seg laus og vera seg sjølv. På Engeline gjer ho sitt beste for at gjestane skal gjera det same.

På sommarstid lever ho av å leiga ut partytelt og stella til for fest og feiring. I vinterdvalen har Runa Solberg verva seg for underhaldingstilbodet på Engeline.

Tok det på sparket

Det heile starta på nyttårsaftan. Runa sat i kafeen og prata med Terje Hatvik og nokre gjester. Etter kvart pensa praten inn på korleis få folk til å koma til Engeline kafé seinare på nyttårskvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg sa at dei måtte ha musikk og underhaldning for å få folk til å koma. Kort tid etter hadde eg henta anlegget mitt og var klar som DJ, ler Runa.

Sidan har det gått slag i slag med karaoke, quizkveldar og temakveldar for ulik type dansemusikk.

– Du fekk ei utfordring og tok han på sparket?

Øyvind Hjelle og Jan Egil Martinussen såg også fram til quizen på fredag.
Øyvind Hjelle og Jan Egil Martinussen såg også fram til quizen på fredag.
Terje Hatvik og Runa Solberg sjekkar at utstyret fungerar før konkurransekvelden kan starta.
Terje Hatvik og Runa Solberg sjekkar at utstyret fungerar før konkurransekvelden kan starta.
Roald Stigen og Astrid Breivik var tidleg på plass på fredag. – Me går for siger i quizen konstaterte Astrid.
Roald Stigen og Astrid Breivik var tidleg på plass på fredag. – Me går for siger i quizen konstaterte Astrid.

– Ja, det var berre å hoppa i det. Så gjev det jo sjølvsagt litt meir-smak at folk ser ut til å lika det, smiler 51-åringen.

Også eigarane av Engeline er sjølvsagt nøgde med det friske tilskotet.

– Me har heilt klart hatt eit oppsving etter nyttår. Mykje av æra for det, er det Runa som skal ha, seier Svein Marcelius.

– Det er ikkje alltid me er samde om alt, men ho gjer ein god jobb, konstaterer Terje Hatvik i kjent stil.

Kjekt å bidra

For Runa er flink til å by på, og på den måten får ho gjestane til å gjera det same. Stemninga på Engeline er uhøgtideleg og fleipete. Det er heilt klart høgt under taket i den nyrestaurerte restauranten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kan ikkje syngja sjølv, men eg legg gjerne til rette for at andre skal kunna gjera det, seire Runa.

– Har ikkje du ei søster som syng godt?

– Jaudå, og far min syng i mannskoret. Men sjølv eig eg ikkje stemme. Nei, då gjer eg ein betre jobb som quiz-master, ler Runa.

På sommarstid jobbar Runa aktivt med partytelt- og musikkanlegg-utleige. No vinterstid gjer ho småjobbar for Storum Stilas.

– Eg jobba fast for Storum Stilas inntil i fjor sommar, men fann ut at det var vanskeleg å kombinera med satsinga på utleigefirmaet mitt. No gjer eg berre litt monteringsjobbar for dei innimellom. Det passar fint, fortel Runa, som har garasjeportar som største fagfelt.

– Dermed har du tid til å jobba litt med quiz og underhaldningstil-bodet for Engeline også?

– Ja, til no har det jo berre vore ein dugnadsjobb, men om det kan dra litt folk i tida framover, så kan det jo tenkjast at eg kan få nokre kroner for det på sikt. Det viktigaste er uansett at me morar oss. Både eg og gjestane, smiler partyfiksaren.

Fortalte sjølv om legninga

Runa var berre eit par og tjue år då han flytta ut av Osbygda for første gong. Først etablerte han seg på Sveio. Her vart han gift og fekk etter kvart tre born. Etter 14 års ekteskap vart han skilt og flytta heim til Os for ein kort periode. I 2005 såg Runa sitt snitt til å fortelja born og familie om si lenge hemmeleghaldne legning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det rette ordet er transvestitt. Det vil seia at eg har ein trong til å kle meg i kvinneklede. Trongen har eg hatt så lenge eg kan hugsa. Det var løyndomen min, det – heilt fram til eg vart skilt. Då fann eg det på tide å koma ut med historia mi, og leva ut legninga slik eg ønskte.

– Var det vanskeleg?

– Det var jo litt vanskeleg, men eg trur dei sette pris på at eg gjorde det på ein ryddig måte – at eg fortalde det sjølv, slik at dei ikkje fekk høyra det via andre, seier ho.

– Ein del blandar kanskje transvestitt med transseksuell?

– Ja, her er det jo ein del som misforstår. Ein transseksuell er ein person som har lyst til å skifta skjønn. Slik er ikkje eg. Eg er ein heterofil mann som går kledd som ei kvinne. Meir komplisert er det ikkje. Eg er transvistitt, forklarar Runa.

– Har du gått kledd i kvinneklede heilt sidan du kom ut med ‘løyndomen’.

– Ja, stort sett. Det hender jo det er litt meir praktisk med manne-klede når eg er på monteringsjobb, men også i slike samanhengar bruker eg å gå i kvinneklede.

– Er du forfengeleg? Brukar du lang tid på badet før du går ut av huset?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, eg er ikkje særleg forfengeleg. Sminke og slikt brukar eg toppen ti minutt på. Eg er ikkje særleg jålete av meg.

Ikkje eit vondt ord

Etter at han kom ut flytta Runa til Magnor på Hedmarken. Der budde han i sju år, før han kom heim att til Os igjen sommaren 2015.

– Korleis var det å koma tilbake igjen til Os?

– Det var heilt flott, men bygda har endra seg mykje. Det er langt fleire bustadar og mykje tettare trafikk, men sentrum er blitt veldig flott. Eg har veldig trua på dette med ”Liv på Øyro”.

– Har du fått kommentarar på korleis du kler deg etter at du kom heim att?

– Nei, eg har faktisk ikkje høyrt eit einaste vondt ord. Både i det private og i jobbsamanheng tek folk meg for den eg er, og er hyggjelege og imøtekomande. Det å gå kledd som ei dame har absolutt ikkje bydd på problem.

– Heller ikkje andre plassar du har budd?

– Nei, eg har reist ein del og har ikkje opplevd ubehagelege ting som følgje av korleis eg kler meg. Det einaste unntaket var ein gong eg skulle heim frå ferie i Polen. Då vart eg stoppa i tollen og måtte avgje forklaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva var problemet?

– Problemet var at eg var fotografert som kvinne i passet, medan eg nett denne dagen gjekk kledd som ein mann, humrar 51-åringen.

– Men det gjekk bra?

– Ja, eg kom meg heim at til slutt.

Quiz heile helga

Då Os og Fusaposten var med partyfiksar Runa på fredag, var det quizkveld det gjekk i på Engeline. Quizen var sjølvsagt sjølvkomponert av quiz-makaren sjølv – i Kahoot--format må forstå.

– Det er moro å laga Kahoot. Eg nyttar film- og musikk-snuttar til fleire av spørsmåla. Når det gjeld val av tema, så spør eg om alt mellom himmel og jord.

– Så du lagar ikkje tema-quiz?

– Jaudå, det også. No i morgon kveld til dømes, skal me ha Liverpool-fansen frå Os – Liverbirds Os – på lukka samling her. Til dei har eg laga ein quiz om engelsk fotball, og ein berre om fotballklubben Liverpool.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så alt etter ein månads tid så er du så etterspurd at du blir headhunta også til lukka selskap?

– Ja, eg er visst det. Det er kjekt å kunna vera med å skapa god stemning, konstaterer Runa.