Frå 6. april er det slutt på parkering på grusbanen ved ungdomsskulen.
Frå 6. april er det slutt på parkering på grusbanen ved ungdomsskulen.

Snart kan ein ikkje lenger parkera på grusbanen

Delar av grusbanen ved ungdomsskulen har vore nytta til parkering gjennom vinteren, men frå 6. april er det slutt for denne gong.

– Vi har hatt etter godt samarbeid og fin dialog med Os ungdomsskule og Jadakameratene kunna nytta grusbanen til parkering gjennom heile vinteren. 9. april blir banen levert tilbake til skule og idrettslag, som gjennopptar sine utandørsaktivitetar når det går mot varmare vêr, og vår, seier næringssjef Daniel Skotheim.

Vil vera ei grad av utfordring

Næringssjefen seier at no må bilistane søkja mot randsonene av sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore gunstig å ha grusbanen som alternativ. Det er ei enkel løysing. No må vi oppmoda til å ta turen innom og sjå ut mot hamna ved pumpestasjonen rett ved brua, i vognhallen, i Landboden på nedsida av den gamle symjehallen, ved Kløvertun, eller ved Fjellheim, seier Skotheim.

– Korleis har det vore med parkering i sentrum når ein har hatt grusbanen som alternativ?

– Det har vore opp og ned. Sjølv om det blei opna mange ledige plassar der, har det framleis svinga litt i sentrum. Det vi ser, er at grusbanen har vore veldig nyttig når det skjer større arrangement eller til dømes gravferder. Alle er einige i at vi har manko på parkeringsplassar i sentrum. Fram til vi har parkeringshuset på plass vil det vera ei grad av utfordring.

Lengtar heim

Vidare fortel Skotheim at dei har hatt god dialog med Jadakameratene som trenar på grusbanen, men det har aldri vore aktuelt å spørja om dei kan flytta aktiviteten til ein annan stad i kommunen i ein periode.

– Dei høyrer til i sentrum, eventuelt aust om elvo. Det er eit lågterskeltilbod for aldersbestemte lag. Dei har treningstid på Kuventræ utandørs om vinteren, men dei lengtar heim no, seier Skotheim.