Politiet fortel om få utfordringar trass  i store folkemengde på grusplassen fredag og laurdag,
Politiet fortel om få utfordringar trass i store folkemengde på grusplassen fredag og laurdag,

Slik samanfattar politiet Osfest

Politiet skryt av arrangøren og har berre nokre få detaljar å koma med etter helga – som til dømes korleis ein kan unngå at rododendronane ved grusplassen blir brukt som toalett.

Etter å ha teke ein runde med alle som var på vakt i helga, kan politiførstebetjent Rune Fimreite konkludera med at det var eit bra arrangement.

– Folk kosa seg og oppførte seg stort sett. Laurdag var det ein kar so starta eit basketak med vaktene, men det kunne like gjerne ha skjedd på ein utestad i Os. Folk som dummar seg vil alltid førekoma. Arrangørane la til rette for at folk skulle kosa seg, og dei alle fleste gjorde det utan å laga bråk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Roleg i taxi- og Esso-køen

Eit av dei få punkta politiet noterte seg, er at det bør vera betre lyst opp i trappa ned mot toaletta og området kring buskane like ved.

– Det var mange som urinerte på og i rododendronane. Om området er lyst opp unngår ein at folk stiller seg opp der, seier Fimreite.

Vidare fortel Fimreite at det var vakter i taxikøen på Os, og at det ikkje var utfordringar der heile helga.

– På Esso-stasjonen stilte folk seg sjeldan fint opp i kø, seier Fimreite og legg til:

– Det kan vera større utfordringar i sentrum ei vanleg helg enn vi opplevde under Osfest.

– Kjekt å sjå at dei lukkast

Politiet hadde fleire folk på jobb, noko som kan ha vore med og bidrege til at det gjekk så roleg føre seg i helga.

– Vi vil ikkje ta kredit for folk oppførte seg, men vi prøvde å vera synlege og å snakka med folk for å førebyggja. Vi parkerte ein bil rett ved hovudinngangen. Det var ein plan med det, seier Fimreite, som sjølv ikkje var på vakt i helga.

– Eg var sterkt delaktiv i planlegginga, men i helga var eg ikkje på jobb. Då var eg festivaldeltakar. Det var bra med folk og god stemning. Det er kjekt å sjå at arrangøren lukkast, seier Fimreite.