Ørjan Setvik har gitt seg som kokk for å bli sjefsbryggjar i O.F. Hald Bryggeri. Her saman med dagleg leiar Monica Aasen.
Ørjan Setvik har gitt seg som kokk for å bli sjefsbryggjar i O.F. Hald Bryggeri. Her saman med dagleg leiar Monica Aasen.

Sjefskokk er blitt sjefsbryggjar

For om lag eitt år sidan forlét kokken Ørjan Setvik grytene på Bien Bar og Bien Snackbar. No er han blitt bryggerisjef i det nye bryggeriet O.F. Hald Bryggeri.

Då Os og Fusaposten hadde ein lengrepåskeprat med Setvik i fjor, hinta han om at han hadde spanande planar. Han skulle då leggja frå seg forkleet på Bien Snackbar og prøva noko nytt.

– I desse dagar blir det nye bryggeriet O.F. Hald Bryggeri ferdigstilt i Damsgårdveien, skriv Setvik, som blir sjefsbryggjar, til Os & Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bratt læringskurve

Monica Aasen er dagleg leiar for bryggeriet. Ho har lang erfaring med drift og salsleiing innan detaljhandel og sørvis. Ho har hatt ølbrygging som hobby i åtte år. Setvik bryggja sitt første øl i starten av 20-åra. For sju år sidan starta han for alvor saman med ein han jobba med på Bien.

– Vi gjekk vitskapeleg til verks og kjøpte inn skikkeleg utstyr. Vi sette i gang og plutseleg hadde vi nokre hundre liter ståande på altanen. Dette delte vi ut til utelivsbransjen der vi fekk gode og ærlege tilbakemeldingar. Lærekurven har vore bratt, sa Setvik til Os & Fusaposten i fjor.

Setvik står bak Danmarksplass Pale Ale, som Lysefjorden Mikrobryggeri har bryggja, og som tilhøyrer Bien Snackbar. For ti år sidan var han og ein del av rytmeseksjonen i bandet Syrach som turnerte Europa og gav ut musikk som hausta lovord i musikkpressen. Han har også vore med i styret for filmfestivalen og Os Rockeklubb.

Tradisjonsrikt

O.F. Hald Bryggeri blei starta på slutten av 1800-talet.

– Det var kjent for å vera det første bryggeriet som laga godt øl i Bergen. I 1912 blei bryggeriet selt til Ole Falk Hald si læring frå Kristiania, Waldemar Platou, og blei ein del av Hansa Bryggerier. No skal bryggeriet gjenreisast, denne gongen ved Puddefjorden, skriv Setvik.

Bryggeriet er eigd av REMA industrier og er ein del av Norske Bryggerier.