Eva Røyrane har bakgrunn som journalist.  I seinare år har ho kome med fleire flotte bøker med kulturhistoriske tema som «Norges låver» og «Av stein». Denne hausten kjem praktboka om norske klyngjetun.
Eva Røyrane har bakgrunn som journalist. I seinare år har ho kome med fleire flotte bøker med kulturhistoriske tema som «Norges låver» og «Av stein». Denne hausten kjem praktboka om norske klyngjetun.

Rikhaldig program i Torsdagsakademiet

Torsdagsakademiet i Fusa folkebibliotek startar opp 13. september. Gjest denne kvelden er Eva Røyrane som kjem med ny bok denne hausten med tema norske klyngjetun. Seinare i haust vert det gjensyn med rockepoet Tom Roger Aadland og det blir ein kveld med nye lokale bokutgjevingar.

Eva Røyrane har bakgrunn som journalist og var i mange år tilsett i Bergens Tidende. Ho er opphavleg frå Ølve i Kvinnherad. I seinare år har ho kome med fleire flotte bøker med kulturhistoriske tema som «Norges låver» og «Av stein». Denne hausten kjem praktboka om norske klyngjetun.

Frå gammalt av var busetnaden på gardar med fleire gardsbruk samla i eit tun mest som ein liten landsby. Ved reformer i landbruket med utskifting av landbruksjord vart desse fellestuna delt opp og folk flytta ut med husa sine i det kulturlandskapet som er dominerande i dag. Framleis ligg det døme att på den gamle tunorganiseringa. I den nye boka til Røyrane skal Fusa vera representert med bilete av Eidegrend klyngjetun i Hålandsdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

4. oktober kjem Tom Roger Aadland attende til Fusa. Aadland har gjort stor suksess dei siste åra både med sine nynorske omsetjingar av Bob Dylan sine klassikarar og med eigne låtar som har fått eit stort publikum.

22. november blir det smakebitar frå den lokale bokhausten. Ingvar Nistad kjem med nye dikt og fagbokforfattar Ella Marie Brekke Vangsnes har kome med bok om Eide fjordbruk.

Fusa folkebibliotek