Slik såg det ut då Spar-butikken vart bygd. Om lag der bussen køyrer, er det eit «fotgjengarfelt» som ikkje er eit fotgjengarfelt.
Slik såg det ut då Spar-butikken vart bygd. Om lag der bussen køyrer, er det eit «fotgjengarfelt» som ikkje er eit fotgjengarfelt.

Politiet ropar varsko om trafikktryggleiken ved Spar-butikken

Onsdag i førre veke måtte eit barn rygga unna for å ikkje bli treft av ein bil i høg fart.

Den stygge hendinga skjedde onsdag i 15-tida, og vart fanga opp av ein sivil politibil.

I «overgangsfeltet» ved den nye Spar-butikken, måtte eit kryssande barn gjera retrett for ikkje å bli treft av ein bodbil i høg fart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet, som låg bak vedkomande, stansa føraren som mista førarkortet på staden. Farten vart målt til 77 kilometer i timen,

Føraren, ein mann i 40-åra, er ikkje busett i Os.

Ropar varsko

Politiet er uroa over trafikktryggleiken ved Spar-butikken.

– Det er ikkje fotgjengarfelt der per i dag, men vi veit at Statens vegvesen vurderer dette. Vi opplever uansett at trafikksituasjonen på staden ikkje er tilfredsstillende slik det er i dag, seier politibetjent ved Os lensmannskotor, Sindre Hallem.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no