Det vert både boklansering, utstillingsopning og panelsamtale i Oseana kunst- og kultursenter laurdag.
Det vert både boklansering, utstillingsopning og panelsamtale i Oseana kunst- og kultursenter laurdag.

Oseana lanserer bok

Laurdag byr Oseana både på opning av sommarutstilling og lansering av bok.

Årets sommarutstilling er ved Thomas Kvam.

- Ikkje nok med at vi kan invitera til ei fantastisk flott utstilling, med heilt nye arbeid i tillegg til tidlegare viste verk i serien The Hamsun Sessions. Vi byr også på boklansering, panelsamtale og ein modell av eit nytt arkitektonisk monument, eit Sjelens Mausoleum, føreslått av kunstnaren som ei underjordisk forlenging av Steven Holls berømte tårnbygg - Hamsunsenteret på Hamarøy, fortel kurator ved Oseana, Evelyn Holm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Thomas Kvam (1972) har stilt ut omfattande både i Noreg og internasjonalt. Han er representert i fleire private samlingar, samt ved Pompidousenteret i Paris. Hausten 2017 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med romanen Homo Sacco. Kvam bur og arbeider i Lindau i Tyskland.

- Med sine sterkt samfunnskritiske arbeid, som samstundes ber ein kritikk av dei institusjonelle mekanismane kunsten sjølv opererer innanfor, har Thomas Kvam inntatt ein sjølvstendig og uavhengig posisjon i samtidskunsten, kommenterer Holm.

Utstillingsserien The Hamsun Sessions, som tar utgangspunkt i notat frå psykoanalysen Knut Hamsun gjennomgikk hos legen Johannes Irgens Strømme i 1926, har skapt heftig mediedebatt, med sterke synspunkt på kunstnarens arbeid som anten etisk uforsvarleg eller viktig samfunnsengasjement.

Boka som skal lanserast, «Koding, avkoding og kamuflasje», er eit samarbeid mellom Oseana og QB Gallery og skal lanserast ved Norsk Litteraturfestival på Lillehammer fredag og ved utstillingsopninga på Oseana laurdag.

jostein@osogfusa.no