Endre Brenne og Os Turn fekk protesten avvist. No vert det skjebnekamp på laurdag.
Endre Brenne og Os Turn fekk protesten avvist. No vert det skjebnekamp på laurdag.

Os-protesten vart avvist

Os hadde ei god sak, men saka vart avvist grunna for sein melding om protest.

Fredag kom avgjerda i denne vekas store snakkis innan fotballen. Os Turn`s klage på AaFK2`s bruk av ein ikkje-berettiga spelar får ikkje konsekvensar for resultatet i den nest siste serieomgangen i norsk tipping ligaen avdeling 4.

Avslaget på protesten vert grunngjeve med at varslinga om protesten vart meldt etter dei 24 tilmålte timane som NFF har sett som regel.

Artikkelen held fram under annonsen.

NFF sitt doms- og sanksjonsutval har handsama saka tidleg fredag føremiddag.

I Os-leieren er dei sjølvsagt skuffa.

– Det er klart det. Me hadde håpa og trudda at me ville nå fram. Eg synest det er leit at ein såpass stor forseing ikkje blir slått ned på fordi me er litt for sein med å varsla at me vil klaga. Klagen vår var jo langt innanfor den tilmålte tida, seier Endre Brenne i Os Fotball.

– Vil de vurdera å anka?

– Ja.

– Er det uansett bra at de fekk avgjerda før kampen?

– Ja, det blir enklare å gå til kamp på laurdag å vita premissane. Me skal klara dette. No skal me gira oss opp til kamp, konstaterar Brenne.

Skjebnekamp likevel

Om Os hadde vunne fram med klagen, hadde dei blitt tilkjent to poeng til, og ville gått til siste seriekamp med seinka skuldrer, vel vitande om at 3. divisjonskontrakten var redda. No blir det skjebnekamp mot Brattvåg laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Før kampen er situasjonen følgjande: Os ligg over streken og har tre poeng meir enn Stord. Os har også fem mål betre målskilnad enn naboen i sør.

Det vil seia at om Os tek poeng mot Brattvåg, noko Lysekloster ville jubla hemningslaust over, vil osingane uansett sikra seg plass i neste års 3. divisjon.

Blir det derimot tap, må osingane håpa på at Stord ikkje klarar å slå Haugesund 2 borte.

Dersom Stord vinn mot Haugesund og Os tapar mot Brattvåg, blir det altså eit spørsmål om tal mål i dei to kampane.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no