I oktober i fjor kunne Stian Larsen smila etter å ha opna Asiatisk Mat-butikken i Os sentrum. No vil han og kona selja butikken, eller få nokon andre til å driva vidare.
I oktober i fjor kunne Stian Larsen smila etter å ha opna Asiatisk Mat-butikken i Os sentrum. No vil han og kona selja butikken, eller få nokon andre til å driva vidare.

Ønskjer å selja butikken

Kring åtte månader etter at dei opna Asiatisk Mat i Os sentrum, er Stian og Charmelyn Larsen på utkikk etter nokon andre som ønskjer å driva vidare i dei leigde lokala.

– Det er fleire grunnar til det. Det er vanskeleg for oss å følgja opp begge butikkane våre. Vi har ein del ekstrautgifter no med mykje køyring og pendling, og kom til at vi måtte velja mellom butikken i Førde og denne i Os. Valet fall på butikken i Førde – som går veldig godt, seier Stian Larsen.

Ser potensiale

Ifølgje Larsen går butikken i Os også godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur ikkje det er mange butikkar i Os som går i pluss det første året etter at dei har opna. Det har vi klart. Vi har tenkt at det kom til å ta seg endå meir opp i sommar, men det veit vi ikkje før i august, seier han og legg til:

– Vi ser stort potensial i butikken i Os, men vi har ikkje høve til å satsa fullt på begge. Om ikkje vi finn nokon som vil kjøpa butikken, er det også aktuelt å ha butikken som ein franchise. På den måten kan vi koma tilbake til butikken på eit seinare tidspunkt, og det er mindre risiko for den som då tek over.

Leigekontrakten dei signerte i oktober, er på fem år.

– Butikken kjem til å vera open framover, og vi er innstilte på å drifta butikken til og med 31. oktober, om ikkje vi har fått til ein avtale før det. Det er alt nokon som har vist interesse, og vi skal møta dei neste veke, seier Larsen.