Den 14. november starta ei klimarettssak i Oslo tingrett som blir lagt merke til internasjonalt. Utfallet av saka kan få mykje å seia for kva ansvar som kan leggjast på oljeselskap og land for klimaskadane som oljen dei produserer fører til.
Den 14. november starta ei klimarettssak i Oslo tingrett som blir lagt merke til internasjonalt. Utfallet av saka kan få mykje å seia for kva ansvar som kan leggjast på oljeselskap og land for klimaskadane som oljen dei produserer fører til.

Oljeverksemd i strid med Grunnlova

Staten må dømmast skuldig i klimarettssaka som no er oppe for Oslo tingrett, skriv Gunnar Kvåle og Nils-Anders Nøttseter i MDG.

LESARBREV: Utslepp av klimagassar gjev alt no alvorlege følgjer for helse, levekår og miljø. Ein politikk for effektivt å redusera produksjon og bruk av fossile brennstoff må snarast på plass. Det er ikkje plass for olje og gass frå nye kjelder i Barentshavet. Staten må difor dømmast skuldig i rettssaka som no er oppe for Oslo tingrett.

Fyrste klimarettssak i Noreg

Den 14. november starta ei klimarettssak i Oslo tingrett som blir lagt merke til internasjonalt. Utfallet av saka kan få mykje å seia for kva ansvar som kan leggjast på oljeselskap og land for klimaskadane som oljen dei produserer fører til. Det går for tida liknande saker i fleire andre land.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Noreg er det Greenpeace og Natur og ungdom som, saman med Besteforeldra sin klimaaksjonen som partshjelpar, har reist sak mot Staten for brot på Grunnlova. Dei meiner at paragraf 112 i Grunnlova vart broten då nye område i Barentshavet vart opna for olje- og gassverksemd i 23. konsesjonsrunde. Denne såkalla «miljøparagrafen» i Grunnlova slår fast at staten skal verna om naturen og miljøet for framtidige generasjonar, sitat: «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter».

Staten må dømast

Det er mange grunnar til at Staten må dømast skuldig etter tiltalen. Klimaendringane fører alt no til store skadar på helse, levekår og miljø. Alle nye klimagassutslepp forverrar ein allereie særs alvorleg klimasituasjon. Det er semje blant klimaforskarar om at utslepp på grunn av produksjon og bruk av fossile brennstoff raskt må gå mot null. Berre då vil me sikra «eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag» for komande slekter, slik Grunnlova krev. Likevel argumenterer oljeindustrien og ein del politikarar som om det er trygt å halda fram med å forureina atmosfæren med store mengder klimagassar.

Uansvarleg å opna nye kjelder i Barentshavet

Regjeringa sin politikk går ut på å henta opp dei resterande oljeressursane våre så raskt som mogleg. Dette er ikkje i samsvar med at Noreg, ifølgje Paris-avtalen, skal arbeida for å avgrensa global temperaturauke til under 2 gradar, helst ned mot 1,5 grader. For eventuelt å kunna nå dette målet, må tiltak som sikrar ein betydeleg reduksjon i produksjon og utslepp av fossile brennstoff raskt på plass.

Då FN sin dåverande klimasjef, Christiana Figueres, på Aftenposten sin klimakonferanse i 2015 fekk eit direkte spørsmål om planen for oljeutvinning i Arktis var i samsvar med ein globalt ansvarleg klimapolitikk, var svaret eit kontant nei. Ved konferansen Arctic Frontiers i Tromsø tidlegare i år uttrykte leiaren av Earth Institute ved Columbia University, økonomen Jeffrey Sachs, seg òg klårt om dette. Ny oljeutvinning i Arktis vil føra til at me bryt Paris-avtalen, kastar bort pengane og øydelegg klima.

Juridiske argument

Regjeringsadvokat Fredrik Sejersted som fører saka for staten, meiner at det saka handlar om, ikkje høyrer heime i rettsapparatet. Han hevdar at søksmålet er eit forsøk på å rettsleggjera spørsmålet om kor forsvarleg det er å halda fram med norsk oljeproduksjon.

Feire framståande juristar, mellom desse jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Jørn Øyrehagen Sunde, og Ketil Lund som i mange år var domar i Høgsterett, er ikkje samde med han i dette. Øyrehagen Sunde skriv i en kronikk i Klassekampen 15. november at å prøva viktige avgjerder innan miljøpolitikken, ikkje er ei rettsleggjering i seg sjølv og vidare: «Dersom politikarane meiner at domstolsprøving og forvaltningsvedtak på miljøretten sitt område er uheldig, kan dei endre paragraf 112 i Grunnlova». Ketil Lund har tru på at saksøkjarane kan vinna saka og seier dette til Dagbladet 13. november: «Som følge av den menneskerettslige utviklingen er det skjedd en betydelig endring i domstolenes holdning til å kontrollere politiske myndigheters beslutninger. Når politikerne svikter, er det håp knyttet til at domstolene kan gjøre en forskjell».

Konklusjon

Leiting etter olje og gass på norsk sokkel som vil føra til produksjon i mange 10-år framover, vil utan tvil bidra til svært alvorlege miljø- og helseskadar. Desse vil råka menneske som lever i dag og i endå høgare grad, generasjonane etter oss.

Politikarane har vist seg ute av stand til å setja i verk naudsynte tiltak for å hindra at me får ein temperaturauke som er større enn kva kloden vil kunna tåla. Når politikarane sviktar på denne måten, må me vona at domstolane tar Grunnlova på alvor og gjer ein skilnad ved å døma Staten skuldig etter tiltalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka er prinsipielt svært viktig, og uansett resultatet i Oslo tingrett, er det sannsynleg at saka vert anka, truleg like til Høgsterett.

Gunnar Kvåle og Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne