Prosjektleiar Johannes Håkonsund forklarte politikarane kvifor det nye kloakkreinseanlegget blir så mykje dyrare enn tenkt.
Prosjektleiar Johannes Håkonsund forklarte politikarane kvifor det nye kloakkreinseanlegget blir så mykje dyrare enn tenkt.

OHARA: Sprekk med minst 59 mill. kroner

Ifølgje tal som vart lagt fram i formannskapet i dag, vert hovudavlaups-reinseanlegget endå dyrare enn tenkt.

Då politikarane vedtok OHARA-prosjektet i 2012 skulle det kosta under 300 mill. kroner, og var alt då det dyraste prosjektet Os kommunen nokon gong hadde vedteke. No er kostnaden kome opp i 430 mill. kroner. Sist oppdaterte budsjettramme (henta frå investeringsbudsjettet i fjor) var på 371 mill. kroner. Auken sidan i fjor er med andre ord på rundt 15 prosent. Prosjektleiar Johannes Håkonsund forklarte i dag politikarane bakgrunnen for at OHARA-prosjektet blir vesentleg dyrare.

Feil og folkevekst

– Ein kan ikkje peika på ei enkeltårsak til kostnadsveksten. Me har rett og slett ikkje teke hardt nok i når me tidlegare har estimert dei ulike kostnadene, sa Håkonsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2. tertialrapport står det vidare forklart at «Os kommune saman med sine rådgjevarar har hatt avgrensa med erfaringstal frå liknande prosjekt å støtta seg på under estimeringsarbeidet

før budsjettframlegg».

– Me henta m.a. tal frå tilsvarande prosjekt i Bergen og i Haugesund, men me har ikkje treft heilt, la Håkonsund til.

Han viste også til at anlegget på eit tidspunkt vart utvida. Først skulle det kunne tena 40.000 personar, medan dette no er auka til 50.000 personar.

I tillegg er det lagt inn marginar på 10 prosent for å ta høgd for det uventa framover.

Ein ukjent faktor kan gje ny auke

Håkonsund sa at det også er kome eit økonomisk krav mot kommunen frå Veidekke som har bygt fjellanlegget. Dette er ikkje rekna inn i dei 59 mill. kronene.

– Dei meiner dei har måtta bruka lenger tid pga. borevanskar som følgje av dårleg fjellkvalitet, sa Håkonsund.

Når Eirik André Hesthamar (Frp) spurde kor stort kravet var, ville ikkje Håkonsund svara av omsyn til den pågåande prosessen, men politikarane tolka det slik at beløpet ikkje var ubetydeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjektsjef i Os kommune, Halvor Hanevik, kunne uansett forsikra politikarane om at kommunen stod hardt på at dei ikkje

hadde erstatningsansvar.

Politisk misnøye

Politikarane hadde ikkje stort anna val enn å ta Håkonsund sine opplysningar om budsjettsprekken til vitande, men dei var tydeleg misnøgde.

– 59 mill. kroner, då snakkar me om 3.000 kroner per innbyggjar. Det er dei som må betala dette, og det er beklageleg. Eg veit ikkje om me hadde gått for denne løysinga om me hadde visst dette tidlegare, sa Ståle Skaatun (H) og fekk støtte av ordførar Marie Bruarøy.

I 2012 gjekk politikarane for ei løysing som var 60 mill. kroner dyrare enn den fagleg tilrådde, så økonomien var alt strekt i utgangspunktet frå ein politisk ståstad.

Eirik André Hesthamar (Frp) la til at dette kjem i tillegg til kostnadsvekst også andre stader i investeringsbudsjettet. Til saman 141 mill. kroner meir enn kva som låg framføre politikarane i sist budsjettrunde.

– Eg synest det er urovekkjande at investeringsbudsjettet sprekk på over 100 mill. kroner på nokre månader. Det tilseier at me må vera tettare på som politikarar, sa Hesthamar.

Saka vart teken til orientering, og blir sendt vidare til kommunestyret som har møte om to veker.

ol@osogfusa.no