Ole Bulls villa på Lysøen vert stadig betre besøkt.
Ole Bulls villa på Lysøen vert stadig betre besøkt.

Ny besøksrekord for Lysøen

9.300 gjestar tok turen til Ole Bulls villa på Lysøen i 2017. Så langt i år har 15.000 teke resten av øya i bruk.

KODE Kunstmuseer og komponisthjem har sett besøksrekord i 2017, med totalt 250.000 besøkjande. 9.300 av desse har altså vitja Ole Bulls villa. Det er ein auke på 6 prosent frå i fjor.

Lysøen har hatt fleire konsertar i år – blant anna «Trollbundet av Ole Bull» med konsert, omvising og transport frå turistinformasjonen i Bergen kvar søndag i juli og august.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ellers er det litt morosamt å sjå på dei nye teljarane vi har sett opp på området i fjor, som kan gje oss eit bilete som inkluderer alle som tek dei flotte skogsområda på øya i bruk. Dei viser at rundt 15.000 har besøkt øya så langt i år, fortel kommunikasjonsrådgjevar ved KODE, Anette Basso.

jostein@osogfusa.no