Rigmor Hasle Amundsen har lært av meistrar i avsidesliggjande kloster, og er no ein av landets beste på sitt felt.
Rigmor Hasle Amundsen har lært av meistrar i avsidesliggjande kloster, og er no ein av landets beste på sitt felt.

No kan du sikra deg eit heilagt bilete

Ein av landets dyktigaste ikon-målarar er i bygda. Ho har salsutstilling i Tunet Kyrkje- og kultursenter i helga.

Amundsen er kunstnaren som i 2005 for alvor fekk auga opp for tradisjonen som i fleire hundre år har vore fråverande i vårt land. Gjennom studiar og øving både innanlands og utanlands i løpet av dei siste 12 åra, har ho no blitt ein av våre fremste ikonmålarar sjølv.

– Det er veldig fint å kunna vidareføra denne kunstforma. Dette er noko som dei aller første kristne dreiv på med, og som har vore ein del av den kristne kyrkja i all tid sidan. Men her i Noreg vart ikona tekne vekk då lutherdommen vart innført, og fyrst i nyare tid har det blitt greitt å nytta ikonar her. No har eg fått det svart på kvitt at det er lov å henga opp ikon i Den norske kyrkja, seier Amundsen til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikon av Guds mor, Kristus, Erkeengelen Gabriel, Sankta Sunniva av Selja og Den Heilage Treeininga er blant dei ein kan sjå på bileta frå i morgon av. Utstillinga varer frå 2. – 17. desember.

Underlege historier om ikonane

Det går mange rare historier om ikonane. I ortodoks tradisjon finst det undergjerande ikon, og enkelte av desse vert frakta i årlege prosesjonar gatelangs i land som Hellas og Russland. Amundsen måler sjølv etter russisk tradisjon, og har mellom anna gått i lære hjå meistrar i det finske klosteret Valamo. Edle Lunde fortel at ho har vener som sjølv har hatt stort utbyte av å ha ikon på veggane.

– Eg har ei venninne i Åsane som var sjuk ein periode. Ho opplevde at ho fekk slik styrke av det ikonet ho hadde. Det gav ho livskrafta tilbake, sa ho. Det er noko med ikonane som tiltrekkjer oss, seier Lunde, som har invitert Amundsen tilbake til bygda.

Gabriel er ein av sju erkeenglar i kristen tradisjon.
Gabriel er ein av sju erkeenglar i kristen tradisjon.
Ifølgje ein teori vart dette ikonet laga som ein kopi av det-av-ikkje-hender-målte-ikon som vart teke frå Konstantinopel av krossfararar då dei plyndra byenl. Dei tok det med til Torino, og i dag er det betre kjent som nettopp; likkledet i Torino.
Ifølgje ein teori vart dette ikonet laga som ein kopi av det-av-ikkje-hender-målte-ikon som vart teke frå Konstantinopel av krossfararar då dei plyndra byenl. Dei tok det med til Torino, og i dag er det betre kjent som nettopp; likkledet i Torino.

Ikonmålaren vil også halda eit lite føredrag i samband med opninga laurdag føremiddag.

Her kan du lesa Os og Fusaposten sitt referat frå føredraget Amundsen hadde i 2015.

Ei forteljing frå Flå i Hallingdal syner kva forhold dei første lutheranarane i Noreg hadde til den folkelege, katolske biletkunsten: “Folket i Flå hadde skåret ut to helgenbilder til de helliges ære, og de hedret dem med guddommelige æresbevisninger. Denne dyrkelsen pinte presten herr Erik, som derfor – da hans heltemodige ånd var opptent – kastet skulpturene i den rivende elven som slikker langs kirkegården i Flå” (forteljinga frå 1570-talet er attgjeve i Gervin: «Det store bruddet»). Historia avsluttar med korleis bygdefolket græt sårt over kulturtapet, utan at den lutherske presten let seg påverka.

445 år seinare

Men no er det nye tider blant lutheranarane, og då ikonmålar Rigmor Hasle Amundsen heldt føredrag om heilage bilete i kyrkjetunet torsdag, var tonen ein ganske annan.

– Reformatorane såg på ikonane som avgudsbilete, men eg trur ikkje Martin Luther eigentleg meinte det slik. Uansett skulle det gå 500 år før ikonane igjen var å sjå i mange vestlege kyrkjer, fortalde Amundsen, som sjølv er lutheranar. Då stavangerdama fatta interesse for ikonkunsten for 10 år sidan, fanst det ikkje norsk kompetanse på feltet som ho kunne dra nytte av.

– Me i vest har mista koden til denne tradisjonen. Men dei siste 20–30 åra har ikonane vorte allemannseige. Dei er komne inn i mange heimar, og no er det vedteke at dei kan henga i lutherske kyrkjer også. At bispemøtet i Den norske kyrkja offisielt sa ja til ikonbruk i kyrkja, skjedde først i 2004. Amundsen på si side måtte til eit ortodoks kloster djupt i dei finske skogar for å læra seg kunsten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den eldste kristne kunstforma

Under føredraget tok Amundsen oss med heilt tilbake til den oldkyrkja, der den eldste kristne kunstforma har sine røter. Ifølgje tradisjonen målte evangelisten Lukas det første ikonet, men den store oppbløminga av kunsten fann først stad etter at kristendomen vart legalisert i romarriket i året 313.

– Det vert sagt om ikonet at det er eit vindauga mot himmelen. Det skal gje eit fysisk nærvær av den guddommelege, sa Amundsen. Kunstforma fekk sitt toppunkt i det bysantinske riket, der ikonmålinga fann si endelege form. Den dag i dag brukar ikonmålarane dei same reglane når dei utformar bileta.

– Det er ein viss kunstnarleg fridom, så lenge ein held seg innanfor reglane, sa Amundsen. Til dømes skal glorien kring Kristi hovud alltid vera framføre glorien på jomfru Maria når dei er avbilda saman, og Kristus skal ha raud kjortel og blå kappe når han er framstilt som allherskar (pantokrator).

Imponerte osingar

Det var full sal i kyrkjetunet, og arrangørane måtte setja fram ekstra stolar. – Det er kjekt å sjå nye andlet her i kveld, sa Edle Svendsen Lunde. Ho la til at ho sette stor pris på ikona frå Amundsen, og hadde særleg bite seg merke i måten kunstnaren portretterte auga på helgenane.

– Auga i ikona ser på meg – det føler eg blir sterkt og nært, sa Lunde.

Den einaste ortodokse presten i Os, fader Dmytro Ostanin, kunne supplera føredragshaldaren med sin kunnskap om ikonkunst. Ikona er nemleg fulle av kristen symbolikk, og Ostanin kunne hjelpa med å forklara kvifor Kristus er målt med løfta hand.

– Det er for å syna at Kristus lyser velsigning over dei som ser ikonet. Som ortodoks prest er det slik eg også held mi hand når eg lyser velsigninga, sa presten som bur på Halhjem.

Dei frammøtte osingane lét seg imponera av ikona Amundsen hadde teke med seg til utstilling.–Sjå så fine fargar, sa Norvald Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no