Politiet gav pålegg om å venta til tidlegast kl 8 neste laurdag med å fly.
Politiet gav pålegg om å venta til tidlegast kl 8 neste laurdag med å fly.

Nattleg dronefilming førte til politiutrykking

Nær midnatt fekk politiet melding om at nokon dreiv på med droneflyging ved ein priat bustad på Osøyro.

Politiet fekk meldinga frå ein huseigar i Laksavegen (oppå haugen like vest for rundkøyringa i sentrum) klokka 23.30.

– Eigaren reagerte på at nokon flydde drone like ved hus huset hans og filma. Det var fleire bilar stilt opp der, og eigaren greidde ikkje å sjå kven som styrte dronen, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk kontakt med dei som var i aksjon. Det viste seg at filminga var sett i gang i samband med eit større gatebiltreff.

– Dei identifiserte seg som Rv.555 GateBilKlubb, og det var rundt 70 bilar i nærleiken. Mannen som styrte dronen var 22 år gamal, og han hadde sendt opp dronen for å testa ut eit oversiktsbilete, seier Kolltveit.

Politiet gav dei eit pålegg om ikkje fly drone på den tida av natta, og heller ikkje før kl. 8 om morgonen. Snart reiste dei vidare til Arna.

Fann kvitt pulver ved Empire

Det var ei elles stort sett roleg natt for politiet. Ein overstadig rusa person på Osøyro vart henta heim frå sentrum, nokre personar som køyrde mopen utan hjelm, bistand ved familieforhold og helseoppdrag, er blant det Kolltveit kan lesa ut av politiloggen.

– Eit lite funn av narkotika vart også gjort. Det er snakk om ein liten pose med kvitt pulver som hang på innsida av utestaden Empire. Vakten overleverte den til politiet, seier Kolltveit.

ol@osogfusa.no