Fylkesmusikaren og folkesongaren Reidun Horvei frå Voss er den sentrale formidlaren i framsyninga, som ho også har skrive sjølv.
Fylkesmusikaren og folkesongaren Reidun Horvei frå Voss er den sentrale formidlaren i framsyninga, som ho også har skrive sjølv.

Migrasong til Strandvik

Etter turnear i Hordaland og Amerika, kjem Reidun Horvei og framsyninga «Migrasong» no til Fusa og Strandvik grendahus onsdag 12. september. Programmet er ein del av Kystsoge-vekene i Hordaland.

«Migrasong» handler om 16 år gamle Oline som søkjer lukka i Amerika på slutten av 1800-talet. På Amerikabåten treffer ho radværingen Ananias, og den musikalske forteljinga skildrar kjærleiksforholdet mellom dei, men også sakn og tragediar...

Musikken i framsyninga er bygd på folketonar og songar som utvandrarane tok med seg frå Noreg, og dei nye songane som oppstod og vart skrivne i Amerika kor dei slo seg ned. Tekstane var fulle av lengsel og draumar, om det livet som var levd og fantasien om deira nye tilvære.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesmusikaren og folkesongaren Reidun Horvei frå Voss er den sentrale formidlaren i framsyninga, som ho også har skrive sjølv. I tillegg til song og musikk er framsyninga ei biletreise i tid og rom med historiske foto frå norsk utvandringshistorie. Gitaristen Øyvind Lyslo og organisten Per Inge Hove som er med i Migrasong, har laga arrangementa og akkompagnerer Horvei.

Mange vil kjenna Reidun Horvei frå tidlegare konsertar og kursverksemd. Reidun har samarbeidd med fleire kor i Fusa og har eit stort kontaktnett i kulturlivet her. Ho har hatt konsert-turnear over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane både innan klassisk musikk, ny musikk, vise og folkemusikk. Ho har fleire gonger vorte engasjert ved Festspela i Bergen, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest og Osafestivalen og har turnert og medverka under festivalar i Europa, USA og Midtausten.

Øyvind Lyslo er gitarist, komponist, arrangør og produsent. Lyslo vart nominert til Spelemannsprisen for CDen «Syngande strenger», og har medverka på mange CD-innspelingar. Han har hatt ei rekkje konsertar i Europa, men også i Venezuela, Japan og Øst-Timor.

Per Inge Hove arbeidar som kantor på Osterøy, frilansmusikar og komponist og arbeider innan eit breitt spekter av sjangrar. Han er utdanna frå Griegakademiet der han mellom anna studerte kyrkjemusikk og komposisjon.

Etter programmet vert det enkel kaffimat og publikum vert inviterte til å dela «amerika-minne» og historier om utvandring.

Sjå lysing i avisa fredag.

Erik Vangsnes

Kulturleiar