Dei aller tøffaste dristar seg kanskje til eit bad i løpet av helga?
Dei aller tøffaste dristar seg kanskje til eit bad i løpet av helga?

Lovar knallhelg med opp mot 20 grader

Aller varmast blir det truleg på søndag.

Fredagen har så langt vore grå, men utover dagen skal skylaget letta og sprekka opp.

Laurdag morgon kan det koma litt morgonskodde, men så kjem sola, fortel vakthavande ved Meterologisk Institutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det stemmer. Helga blir skikkeleg fin med rolege vindforhold, i motsetnad til førre helgs ruskevêr.

Temperaturane vil stiga opp mot 20 grader, og aller varmast vert det truleg søndag.

Årsaka er eit høgtrykk frå Sør-Europa som dreg med seg varm luft nordover. Kor lenge det vert liggjande, vågar ikkje meteorologen meina noko sikkert om.

– Men eg tippar det blir mildt opphaldsvêr nokre dagar utover i komande veke, seier ho.

– Men så kjem regnet attende?

– Ja, det er haust, veit du. Og vi bur i Noreg, så det er alltid berre eit tidsspørsmål før eit lågtrykk på ny tek over.

anne-marie@osogfusa.no