Eirik Søfteland held fram med å imponera i århundrets stemme. I sommar får han høve til å visa seg for osingane når han avsluttar Osfest laurdag kveld.
Eirik Søfteland held fram med å imponera i århundrets stemme. I sommar får han høve til å visa seg for osingane når han avsluttar Osfest laurdag kveld.

Lovar å laga eit heidundrandes rockeshow

I 2014 var han førstemann på scenen. I år får Eirik Søfteland æra av å avslutta Osfest laurdag 11. august.

– Det er ei ære å få avslutta Osfest på laurdagskvelden. Me skal laga eit heidundrandes rockeshow og syta for at flest mogleg får musikk dei diggar og har eit forhold til i løpet av kvelden, lovar Søfteland.

Full konsert

Då han spelte under Osfest i 2014, var han og bandet først på scenen. Trass i berre eit par hundre tilskodarar, gav dei alt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gav full rockepakke den gongen også, men det er klart; Denne gongen blir det jo når grusplassen forhåpentlegvis er full. Det blir ei litt anna oppleving, seier han.

Søfteland stiller med sitt seks manns store band, pluss pluss.

– Me får sjå kva me klarer å samla saman. Me skal i alle høve bli ein slagkraftig gjeng, seier han.

Violent Gin spelar først på fredagskvelden.
Violent Gin spelar først på fredagskvelden.

– Korleis blir repertoaret?

– Det blir mykje av den beste rockemusikk frå 1970-talet og fram til i dag. Samstundes skal me sjølvsagt få med nokre av mine eigne låter.

– De får meir tid til å spela?

– Ja, dette blir ein full konsert. Ein konsert som me ser svært fram til, konstaterer Søfteland.

Komplett program

Samstundes som det er klart at Eirik Søfteland avsluttar laurdagskvelden, slepp Osfest også dei to siste namna for årets arrangement.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to siste er Violent Gin og Vanja V.

Violent Gin er eit noko ferskt band, men har allereie rukke å bli spilt på fleire internasjonale radiokanalar. Låten «I Would Lie» blei «single of the month» på den britiske radiokanalen BCfm nyleg. Dette bandet startar kvelden fredagen.

Vanja V. har verkeleg fått fart på karrieren etter at ho vann Melodi GP-junior i 2014. I 2017 vart låta hennar «Sveve forbi» kåra til «Ukas Urørt» av P3.

Vanja V. blir første artist på laurdagen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no