Neste kommunestyremøte er etter valet. Oseana sin plan kan altså framleis verte sanning, om veljarane stemmer for eit skifte i politisk leiarskap.
Neste kommunestyremøte er etter valet. Oseana sin plan kan altså framleis verte sanning, om veljarane stemmer for eit skifte i politisk leiarskap.

Lesarinnlegg: No reddar vi Fjellheim

Meiningsmålingane viser at FrP/H misser fleirtalet i kommunestyret. Då kan vi endeleg redda Fjellheim.

Eg skal innrømma at eg lenge trudde Fjellheim var tapt, både fordi FrP/H hadde reint fleirtal for å omregulera til tett bustadbygging, men og fordi eg ikkje såg noko realistisk plan for korleis ein kunne finansiera opprusting og drift.

I vår, då kommunen fekk bod på Fjellheim, var eg som ein av tre politikarar i eigedomsutvalet nær på å selga til spottpris i håp om at det kunne bli betre enn riving. Men prospektet var ikkje godt nok, og prisen var ikkje god nok. Det eg ikkje visste då var at begge dei andre politikarane i eigedomsutvalet, ordførar og varaordførar, var kjend med at Oseana hadde visjonar om å drifta Fjellheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så snart eg fekk nyss i dette, fekk eg eigedomsutvalet med på å be Oseana om ein konkret plan. Denne fekk vi til handsaming i Os formannskap før sommaren. Det var ein draumeplan i mine auge, med eit eige kapittel om investeringsmidlar som gjer at kommunen sitt bidrag vil vera overkommeleg, og drifta skal vera sjølvfinansierande med Oseana si eksisterande driftsorganisasjon.

Likevel stemte FrP/H planen ned, med 5 mot 4 røyster. Dei ville altså framleis selga ei tomt som ingen vil kjøpa, til spottpris. Vi vil truleg få meir inn i stønad frå sponsorar og andre kjelder enn det vi nokon gong kan få for tomta til bustadføremål. Då er det hovudlaust å insistera på den gamle planen, som vi no veit både er dårleg økonomi og dårleg kultur- og samfunnsutvikling.

Heldigvis fekk MDG resten av opposisjonen med på å krevja saka løfta frå formannskapet til kommunestyret. Og neste kommunestyremøte er etter valet. Oseana sin plan kan altså framleis verte sanning, om veljarane stemmer for eit skifte i politisk leiarskap.

Argumentet mot Fjellheim no er multifunksjonsbygget Os Aktiv som er under bygging. I mine auge er dette ikkje eit truverdig motargument. Vi har svært rike tradisjonar for kunst og kultur i denne bygda, og om vi har eit kulturbygg ekstra så vil det raskt fyllast med glede, inspirasjon, læring og aktivitet.

Miljøpartiet Dei Grøne står for ein sterk kulturpolitikk. Vi har fleire gongar peika på at det er naudsynt å rydda i stønadsordningane her i kommunen. No finst ein draumeplan for Fjellheim. Vi kan ikkje kasta bort moglegheita!

Nils-Anders Nøttseter

Ordførarkandidat

Miljøpartiet Dei Grøne