Med handa på bygdesoga sver visekongen Morten Holmefjord eid til historia. Til venstre eldreformann Johannes Lygre, til høgre ordførar Asbjørn Heidal.
Med handa på bygdesoga sver visekongen Morten Holmefjord eid til historia. Til venstre eldreformann Johannes Lygre, til høgre ordførar Asbjørn Heidal.

Lesarbrev: Tankar om Visekongedømet – 15 år etter kruninga av Visekongen

Ein påstand, men eg trur heile Fusa kommune vart godt marknadsførd og sett på kartet dei to og eitt halv åra kunstprosjektet til Morten Holmefjord var aktivt, skriv Sigrun Loven Skår.

Kruninga 21. juni 2003 fant stad i Hålandsdalen. Storslått og fint. Ordførar, eldrerådsformann, lensmann og heimevernssjef var med i sermonien. I tillegg tre kongeknektar og ein musikant. Publikum stilte opp, og utpå på dagen vitja følgje også Engevik gard og Strandvik.

Seinare på ein vintergalla i Eikelandsfjorden samfunnshus helsa kunstnaren Fridtjolv Urdal frå Sogn og Fjordane visekongen på denne måten: «Fusakongen er ein konge av regn, vått gras og kilowatt. Ein konge over små, raude slåmaskiner og Saab-motorar. Over busstopp, kvilesteinar, nedlagde posthus og dampskipsekspedisjonar. Konge over juletrefestar og helsebasarar. Over nylakka samfunnshusgolv og solide koppar av Figgjo fajanse», Urdal plasserte slik Fusakongen midt i det mange vil karakterisera som den «fusiske indentitet». Men Fusakongen stoppa ikkje her. Han var heller ikkje framand for nyskaping og utvikling av bygdane og samfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tida med visekongen var ei oppleving, som ein draum. Det var ein draum. Me var mange som trudde på dette prosjektet, og mange var dei som trudde dette berre var tull.

Sjølv var eg ein tvilar i byrjinga, og sette eit stort spørsmålsteikn ved at dåverande ordførar Asbjørn Heidal lot seg bruke, og lokke med på ein slik aktivitet. Men, eg forandra meining, heldigvis.

Når eg vart klar over kva prosjektet sto for, ja, då vart eg ein av dei heilfrelste.

Eg fekk vere med i Geheimsrådet. Det var utruleg kjekt å følgje utviklinga og aktiviteten på nært hald. Det var i tillegg inkluderande og lærerikt. Vi tok del i mykje interessant og i mange forskjellige arrangement. Han innførde også pass, eige flagg, eiga mynt bl.a. Store og små visjonar blei ein del av ein traktat.

Kunstnaren ville at alle skulle ha trua på seg sjølve, ikkje føle seg mindreverdig. Han vektla det rituelle. Noko som kom til syne i kruningssermonien, og i avslutninga av prosjektet. Han oppfordra til å ta vare på det som hadde vore, men også gi inspirasjon til nye tiltak og aktivitetar. Alle bygdesamfunn var like mykje verdt. Han var for «pomp og prakt» når det høvde seg slik. Eg støtta han fullt og heilt i dette. At visekongedøme skulle halda fram i all framtid, stilte eg meg meir undrande til.

Ein påstand, men eg trur heile Fusa kommune vart godt marknadsførd og sett på kartet dei to og eitt halv åra kunstprosjektet til Morten Holmefjord var aktivt. Prosjektet fekk mykje spalteplass i aviser, radio og TV. Ikkje berre her heime, men også i utlandet. Dette var noko unikt, og vart lagt merke til. Det vart også produsert ein dokumentarfilm om kunstprosjektet. Han har fått sin plass i vestlandet si historie.

Eg syntes å oppfatte at Fusa kommune som organisasjon, var i ein vanskeleg situasjon i forhold til prosjektet. Skulle dei heie det fram, eller skulle dei vere restrektive i forhold til bruk av flagg, andre effektar og aktivitetar? Kunne Fusa kommune støtte eit so «ytterleggåande» kunstprosjekt? Var det mogleg i forhold til formalitetar og forvaltinga? Kva ville følgene bli? Ordførar Asbjørn Heidal stilte opp i utgangspunktet, men det offentlege engasjementet stilna meir etter kvart. Fleire politikarar og tilsette var likevel ivrige tilhengarar som privatpersonar.

Personleg meinar eg Fusa kommune i større grad kunne brukt den verdien som låg i prosjektet i forhold til å marknadsføre kommunen og bygge eit godt omdøme. Våge å vise at kommunen var kreativ på ein utradisjonell måte. Gi støtte til ein unik kunstnar ved å ta del i den kunsten han utøvde. Visekongen fekk tross alt apanasje frå «Hundreårsmarkeringa Norge 2005 AS».

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kvart vart han tildelt Fusa kommune sin kulturpris, og eldrerådsformann, Johannes Lygre, var med han på dei fleste representasjonar og aktivitetar. Dette vart jo på ein måte ei offentleg annerkjenning.

Eg klarte ikkje heilt å sjå føre meg korleis dette skulle halda fram i framtida viss det vart fleirtal for visekongedøme, men kunstnaren sjølv hadde klare meiningar og planar for framtida.

For å vidareføre visekongedøme ville han ha folkeavstemming med eit klart fleirtal på 75% av dei avgitte stemmene. Det vart ikkje 75% fleirtal. Visekongedøme var historie, men tankane om det folkelege og visjonane lever vidare i kvar bygd. Vi må ta vare på det som er viktig. Ta vare på medmennesket, ulike arrangement, engasjere oss, samlast til hyggeleg samkomer. Kanskje av og til litt pompøst, ha vyer og planar. Treffast på «mjølkerampa» som er erstatta med kaffikroken på nærbutikken.

Det er sterke minne som sit att frå tida i arbeidet saman med visekongen. Det skjedde so mykje. Mykje hyggeleg, men også motstand frå mange hald.

Det som sit att som den sterkaste hendinga, er siste kvelden vi var samla. Først i ei fullsett Fusa kyrkje, der visekongen heldt ein bevega og god avskjedstale. So timane etterpå i den gamle doktorgarden i Fusa. Kunstnaren sjølv var der. Han var prega. Eg trur me alle var det. Kunstprosjektet var over. Krona skulle senkast i Fusafjorden. Visekongen abdiserte, og kunstnaren sjølv skulle reise i eksil. Det vart ei utrulig tomheit. Nesten som kjensle av sorg. Eg ville sakne Morten desse åra i eksil. Hadde heller ikkje lenger den naturlege tilhøyra som me alle hadde vore saman om.

Skulle ønske tvilarane sette seg betre inn i kunstprosjektet før dei avviste det.

Motsett kan vel hevdast at me som var for, var naive og ikkje skjønte kva dette innebar. Kanskje er det rett, men det var ei oppleving, samhald, inkludering og tru på kunstnaren og hans prosjekt som fleire skulle fått opplevd og teke del i.

Eg følte med Morten som ikkje fekk fleirtal for kunstprosjektet sitt. Samtidig ei lette, for eg hadde tru på at visekongedøme hadde størst effekt som utøvande kunst ved å vere aktiv ei avgrensa tid, og at visjonane kunne leva vidare i framtida. Slik at folket i Fusa i felleskap skal halde fram å halde saman, treffast i ulike lag, gamle og nye. Våge å vera annaleis. Treffast på tvers av sosial status, alder og meining. Byggje eit godt samfunn og leve i for den einskilde, stimulere til utvikling – og kanskje markere 21. juni i Fusa kvart år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigrun Loven Skår