Kvifor skal absolutt E 39 gå over Os, og bli til stor belastning for Bergen, både trafikkmessig og forureiningsmessig. Dette skal ikkje vera ein privatveg mellom Stavanger og Bergen, men ein samfunnsnyttig veg frå sør til nord.

Lesarbrev: Slik det heile har utvikla seg, må alt som heiter Hordfast skrotast - svar til Susanne Sperrevik

Kvifor skal ein lage indre trasé så kostbar og så lite samfunnsnyttig som det vert framstilt av Susanne Sperrevik?

Slik det heile har utvikla seg, må alt som heiter Hordfast skrotast. Det vi treng er skikkeleg veg i distriktet, og den kan framleggast slik: Vi kan gå ut frå Hodnaneset (som er fastlagt), gå så over Tysnes, Grunnasundet-Baldersheim-Henanger-Holdhus (Røadalen)- vidare langs Vengsvatne-Havsgarddalen-Gaupholm og til Aska (i Arnadalen).

Dette vil føra til at vi får ei lang bru ved Hodnaneset til Jektevik, ei bru over Henangervatnet (ca. 160 m) og ei bru Gaupholm til Trengereidfjorden (ca. 250 m med ein holme midt i fjorden). Korleis finn du fire store bruer og fire lange firefelts tunellar?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vi treng er: Bra standard veg med gul stripe, kanskje den svenske typen som er tre felts veg, med forbikøyringsfelt.

Kvifor skal absolutt E 39 gå over Os, og bli til stor belastning for Bergen, både trafikkmessig og forureiningsmessig. Dette skal ikkje vera ein privatveg mellom Stavanger og Bergen, men ein samfunnsnyttig veg frå sør til nord.

Frå Gaupholm kan ein på sikt laga veg mot Vaksdal og vidare til Romarheim. Strekkja Aska til Gaupholm bør innehalda E39, Rv7 og Rv134. På Gaupholm går så Rv7 mot Hardanger og Rv134 og E39 vidare til Fusa, der med kryss til Ljonestangen og til Hodnaneset.

Ein kan og ta opp til vurdering om E16 frå Arna til Trengereid skal gjerast noko med, - det må vera tryggare for Bergen å ha to infartsårer frå aust enn berre ein. Dessutan vil også bru over Sørfjorden (ved Vaksdal), E39, vera med og avlasta Nordhordlandsbrua (som snart er for liten).

Gudleik Østerbø