Må ta ansvarNyhende

Lesarbrev: Skrot planane for monsterbrua over Bjørnafjorden

Det er freistande å seia «ka sa eg?», skriv Helge Ådland.

AV
Publisert

«Skrot planane for monsterbru over Bjørnafjorden». Ikkje nett ordrett, men det var bodskapen frå det statlege selskapet Nye Veier, som stod å lesa i nettavisa til BT på torsdag. Grunngjevinga var uhandterlege kostnader, samt at ein ikkje legg til rette for å samkøyra E39 med arm av E134 (Hordalandsdiagonalen) til Bergen.

Det er freistande å seia «ka sa eg?». Det har vore mange lesarinnlegg i Os & Fusaposten opp gjennom åra som har vist til nettopp dette som ein av dei store fordelane med indre trase.

Så kan ein spørja seg korleis vi står der vi er i dag, med eit forprosjekt for ei bru som aldri vert bygd, og som har kosta samfunnet minst 1.500.000.000 kr berre i prosjektering, samt forseinka prosjektet med kanskje opp mot 10 år.

Mange av oss hugsar biletet av Erna Solberg med Knut Arild Hareide på ferjekaien på Halhjem før valet i 2013, der ho lova anleggstart seinast 2018.

Ein av hovudgrunnane til at vi står der vi står er at det dessverre vart tilsett ein prosjektleiar som sa rett ut han gav blaffen i det som stod i KVU’en. Han hadde bestemt seg for bru same kva.

Så har Statens Vegvesen (SVV) brukt ei velkjend oppskrift, der dei prisar ned det alternativet dei gjerne vil ha, og prisar opp det (dei) alternativet dei ikkje vil ha. Jamfør Signe Eikeset sin uttale om at indre alternativ vil bli like dyrt eller dyrare enn brualternativet. Nye Veier seier at prisen er 13.000.000.000 kr lågare for indre alternativ.

Vidare står vi der vi står fordi politikarane frå Høgre og Frp ikkje har hatt evne til å sjå heilskapen i det kjempestore prosjektet som ferjefri E39 er, og heller ikkje greidd, eller kanskje ikkje har vilja sjå dette prosjektet saman med andre like viktige vegprosjekt for Hordaland, som Hordalandsdiagonalen.

Med heiagjengen på Stord og med BT i ryggen, så har Hordfast blitt eit lokalvegprosjekt for raskaste veg mellom Stord og Bergen, der Os låg lagleg til midt mellom. At dette berre er ein liten bit av den lange kyststamvegen, har forsvunne i det fata morgana som bru over Bjørnafjorden er.

På leiarplass laurdag skriv BT at utspelet frå Nye Veier er interessant – men at bru framleis er det beste alternativet! Samankoplinga med E134 og dei store fordelane som ligg der, nemner dei ikkje med eit ord.

No håpar eg politikarane er så vaksne at dei tek innspelet på alvor, og stoppar bruprosjektet snarast, slik at ikkje enda meir pengar hamnar på botn av Bjørnafjorden. Nye Veier er eit selskap som lever av å byggje vegar, og som har vist at dei kan byggja billegare enn budsjett. Statens Vegvesen derimot har vel i snitt 40% overskridingar i sine prosjekt, så den som trur på budsjettprisane til SVV kan like godt tru at jorda er flat.

Trur eg politikarane tek dette ansvaret? Dessverre trur eg svaret nei. Ikkje éin politikar har kommentert innspelet frå Nye Veier, som eg har sett. Det betyr at vi må velja andre poitikarar så snart høvet byr seg.

Det er eit paradoks at dersom du av ein eller annan grunn kjem i skade for å motta 1.500 kr av NAV som du ikkje har rett på, så blir du truga både med det eine og det andre. Politikarar som er ansvarlege for å misbruka 1.500.000.000 kroner eller kanskje endå meir, er totalt utan ansvar!

Helge Ådland



Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut