I Os kommune har ein stor merksemd på rekruttering. Vi politikarar snakkar både på inn- og utpust om dette. I personalutvalet har vi dette fast på agendaen i møta.
I Os kommune har ein stor merksemd på rekruttering. Vi politikarar snakkar både på inn- og utpust om dette. I personalutvalet har vi dette fast på agendaen i møta.

Lesarbrev: Rekruttering og menn i helse

Endeleg vart det Hordaland og Os sin tur til å kunna vera med i det nasjonale rekrutteringsprogrammet der menn vert tilbode eit komprimert og føreseieleg utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar, skriv Laila Reiertsen (Frp).

Forløpet i Os startar opp i 2019. Dei som startar då vert helsefagarbeidarar i 2021.

Programmet er basert på erfaringa ein gjorde seg med Tronheimsprosjektet. Noko som var svært vellukka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planen er å implementera satsinga på rekruttering av menn i det generelle rekrutteringsarbeidet innan helse i kommunen. Deltakarane i prosjektet vert rekturttert via NAV og får eit tilbod om arbeidsutprøving i helse- og omsorgstenesta.

Innan helse og omsorg veit ein at behova er store når det kjem til arbeidstakarar, særleg innan eldreomsorga. Følgjeleg vert rekrutteringstiltak svært viktige i framtida. Dagens regjering satsar i tillegg på eit kortare utdanningsløp generelt for dei som allereie jobbar innan helse og omsorg for å bli helsefagarbeidar.

I Os kommune har ein stor merksemd på rekruttering. Vi politikarar snakkar både på inn- og utpust om dette. I personalutvalet har vi dette fast på agendaen i møta. Samstundes som ein har fokus på rekruttering, er det like viktig å retta merksemda mot dei tilsette ein allereie har i eldreomsorga. Ofte gløymer ein alle desse dyktige arbeidstakarane med lang og tru teneste bak seg. Som kvar dag står på i ein travel kvardag. Her gjev god leiing og godt arbeidsmiljø god utteljing for at arbeidstakarar vert verande.

Eg ønskjer Os kommune lykke til med prosjektet, og vonar at fokus på rekruttering og å behalda arbeidstakarar vert høgt prioritert.

Laila Reiertsen

Frp