StoltNyhende

Lesarbrev: Oseana som kulturberar i ny kommune

I samband med kommunesamanslåinga vil eg reflektere litt rundt Oseana si samfunnsrolle i den nye kommunen. Kva er eit kultursenter og i kva grad kan det bidra til å skape ein felles identitet for menneska som bur her?

AV
Publisert
Oppdatert:

To kommunar som ligg tett, med Bjørnafjorden imellom, vert slegne saman januar 2020. Os og Fusa har ulike areal, men likt for begge er at menneska som bur her skal få ein ny storkommune med nytt namn, og såleis ein ny stadsidentitet, å halde seg til.

I mi tid som leiar for Oseana har eg opplevd osingen som stolt over bygda og kulturen sin, og det same gjeld nok for fusingen. Det er jo ikkje slik at kulturforskjellane er store, men vi skal vera bevisste på at det tar tid å etablera same eigarskap og identitet i ein ny kommune, uansett om ein kjem frå den eine eller andre sia av Bjørnafjorden.

Oseana blei åpna i 2011 og tok den gong over etter Fjellheim, eit kjent og kjært samfunnshus i regionen. Oseana skulle vera det huset som førte fram og vidareutvikla kulturtilbodet i kommunen. Det som likevel var umogeleg, var å føre vidare alle dei gode minna, opplevingane og all den gode kulturen som låg i Fjellheim si historie. Den var ankra i Fjellheim i relasjon med menneska som hadde vore der. Dette har Oseana bygd på nytt, på sin eigen måte. Vi har sidan opninga vore i gang med å lage vår eigen historie.

Eg sa ein gong i mi spede byrjing som Oseana-leiar at eg ønskte at Oseana skulle vera eit samfunnshus, men blei raskt arrestert av ei eldre dame som meinte at det var vi i alle høve ikkje, det var Fjellheim. Dette har eg grunna på og har nok tenkt at ho hadde heilt rett. Vi var ikkje det, men vi ønskjer å bli det på sikt. For kva er eigentlig eit kulturhus?

Primærmålet er å vera ein møteplass kor ein har kulturaktivitet, men i eit utvida kulturbegrep er kulturhuset også ein arena for å bygge felles identitet og samhald. Såleis er det ikkje noko ein er, men noko ein må bygge opp over tid. Kulturbegrepet vert ofte brukt til å skildra menneskeleg aktivitet i eit samfunn. Samfunn er ein stad kor vi finn saman, kor ein etablerer felles kulturforståelse. Difor blei kulturhus ofte tidlegare kalla samfunnshus, herav Fjellheim. Mitt poeng er at det tar tid og bevisstheit å byggje ein felles kultur anten det er i eit nytt kulturhus eller i ei ny kommune.

Med denne forståinga blir kulturhuset endå meir samfunnsrelevant, og kan bidra på fleire område enn dei meir tradisjonelle kulturaktivitetane som konsertar og framsyningar.

Kva tyder dette i praksis?

Slik eg ser det, handlar det om fleire ting. Oseana har heilt frå byrjinga ønskt å vera ein kulturell pådrivar, eit noko slitent uttrykk, men i denne samanhengen kan det fungere. Fordi kulturell pådrivar handlar om mykje meir enn berre kulturaktivitetar, meir enn å vera ein konsertarena. Kulturell pådrivar handlar om å tenke nytt, å utvikle nye møteplassar, samt å skape engasjement og deltaking hjå befolkninga gjennom å tilby eit mangfald av aktivitetar som byggjer kulturell identitet. Det betyr også å engasjere seg i kommunen si generelle utvikling, som til dømes innanfor reiseliv eller i klimaspørsmålet. Med litt store ord handlar det om å vera med å vidareutvikle ei felles kulturforståing i regionen.

Saken fortsetter under annonsen.


Korleis gjer vi så det?

Sentralt står samarbeidet med Bjørnafjorden kulturskule. Her har vi profesjonelle musikarar som betyr mykje for regionen, både som utøvarar og pedagogar. (Profesjonelle utøvarar er toppen og botnen i kommunens frivillige kulturliv.) Oseana etablerte allereie i 2013 sitt eige skuleprogram Friskunst. Same år inviterte vi inn senioruniversitetet, som har eit fantastisk program for seniorane. Vi forvaltar Griegsamlingen, og her kan ein fordjupe seg gjennom medlemskap i vår eigen kunstklubb. Vi har dans for dei over 60 år med Varga Dansecompani. I tillegg koplar vi saman kunst og helse gjennom eigne omvisningar for menneske med demensdiagnose i kunsten, og gjennom prosjektet OseanaLIVE streamar vi framsyningar ut til helseinstitusjonar over heile landet.

Kommunen har også et rikt frivillig kulturtilbod som vi samarbeider tett med. Felles for desse prosjekta er at dei skaper aktivitet og samhald og at dei kjem i tillegg til den meir tradisjonelle konserten eller framsyninga.

Like viktig er det at Oseana også er ein stad der ein kan vera å gjere ingenting. Reflektera, gjerne inspirert av eit kunstverk eller den fantastiske naturen vi har rett utanfor vindauga, eller sitja i foajeen å lese ei avis. Huset er til for alle i kommunen vår, og det treng ikkje koste noko å besøke oss.

Oseana går foran i klimaspørsmålet. Vi stiller krav til oss sjølve og til dykk som publikum gjennom til dømes kjeldesortering og energisparing. Dette gjer vi fordi vi ønskjer å vise at vi tar miljøtrusselen på alvor, og at verden heng saman. Vi har éin klode og alt alle gjer påverkar alle.

Så kjære nye Bjørnafjordingar – ved å ta del i noko saman med andre som ein synest er gøy eller meiningsfylt, skaper vi historiene og minna som på sikt bidrar til ei felles identitetskjensle i den nye kommunen vår.

Oseana er dykkar hus! Vi gleder oss til framhaldet.

Ole Tobias Lindeberg

Oseana Kunst- og Kultursenter


Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut