Sp riv ikkje ned verksemder for å få parkeringsplassar, vi støttar opp om nye og eksisterande bedrifter med å tilretteleggja for utvikling.
Sp riv ikkje ned verksemder for å få parkeringsplassar, vi støttar opp om nye og eksisterande bedrifter med å tilretteleggja for utvikling.

Lesarbrev: Næringsliv i eit samfunnsperspektiv

Sp arbeider for at næringslivet skal ha gode og forutsigbare kår.

Sp vil at både små, mellomstore og store bedrifter skal utvikla seg i eit samfunnsperspektiv der ikkje berre profitt til eigarane er viktig, men også at bedriftene gjev noko tilbake til samfunnet. Bedrifter som går godt bør ha ein klar profil på at dei skal vera ein god bidragsytar til dei som driv frivillig arbeid.

Sp riv ikkje ned verksemder for å få parkeringsplassar, vi støttar opp om nye og eksisterande bedrifter med å tilretteleggja for utvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arealdisponering til næring har vi prioritert, og det ligg til rette for utvikling mange plassar i kommunen vår.

Samhandling mellom jordbruk, jordvern og areal for ålmenta er viktig.

Samfunnsareal har vi i Eikelandsosen, Holmefjord, Fusa, Strandvik, Endelausmarka, Hegglandsdalen osv.

Vi foreslår at det blir sett ned ei næringsnemnd i den nye kommunen som har som oppgåve å skaffa aktivitet og utvikling på desse områda.

I Os er det store næringsbygg som over lengre tid har stått tomme, dette er ikkje god næringspolitikk.

I Fusa derimot er det full fart i næringslivet, og den entusiasmen må vi dra med oss inn i den nye kommunen.

Bjørnafjorden skal bli ein Ja-kommune til utvikling av næringslivet. Bjørnafjorden skal bli ein Ja-kommune til samarbeid med (3 sektor) frivillig arbeid.

Bjørnafjorden skal bli ein Ja-kommune for arbeidsplassar nær deg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikal Leigland

2. kandidat

Bjørnafjorden Sp