Gode fellesskapNyhende

Lesarbrev: Kvifor stemma Høgre?

Valfridom og kvalitet framfor ideologi.

AV
Publisert

Høgre er først og fremst opptekne av å levera gode tenester, ikkje av kven som leverer desse tenestene. Der private aktørar kan bidra til meir valfridom, betre kvalitet, og smartare løysingar takkar vi i Høgre ja til det.

Bjørnefjorden Høgre har programfesta at vi ynskjer å sikra samarbeidet mellom kommunale og private skular og barnehagar og arbeida for å få til gode fellesløysingar. Dette er eit viktig tiltak for å skapa gode fellesskap i den nye kommunen vår.

Vi har også lansert ideen om å leggja til rette for seniortun i bygdene. For å få realisert seniortuna vil vi også vera avhengig av private aktørar.

Fleire inn i arbeidslivet

Høgre gjennomfører ein inkluderingsdugnad for å få fleire i jobb, og har tradisjon for eit godt samarbeid med næringslivet.

Bjørnafjorden Høgre vil etablera eit tett og godt samarbeid med næringslivet i kommunen vår for mellom anna stimulera til nyetableringar.

For å lukkast med å få fleire inn i arbeidslivet må vi starta med tidleg innsats i skule og barnhage. Bjørnafjorden Høgre har programfesta at vi vil satsa på dei tilsette, ved å tilby etter og vidareutdanning for tilsette i skule og barnehage. Vi vil setja helse, ernæring og skulemat på dagsorden. Strategien vi skal utarbeida for å motkjempa barnefattigdom i kommunen vår vert eit særs viktig tiltak. Her vil også samarbeida med private aktørar, og frivillige vil verta ein viktig del av løysinga. Vi vil i tillegg auka talet på læreplassar i kommunen, og tilby utdanning innan ulike felt.

Viss du meiner at valfridom og kvalitet er viktigare enn ideologi, stem Høgre !

Marie Elisabeth Lunde Bruarøy

Ordførarkandidat

Bjørnafjorden Høgre

Aud- May Boge

2.kandidat

jørnafjorden Høgre


Kommentarar frå lesarane

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut