I løpet av det siste året har me opplevd mange døme på at klima er i ulage og fått ein forsmak på dei alvorlege klimaskadane me kan venta oss om ikkje utsleppa raskt blir kraftig redusert.
I løpet av det siste året har me opplevd mange døme på at klima er i ulage og fått ein forsmak på dei alvorlege klimaskadane me kan venta oss om ikkje utsleppa raskt blir kraftig redusert.

Lesarbrev: Klimaranet frå dei unge – demonstrasjon på verdas miljødag

I staden for å handla mot ein trussel som var fullt mogleg å ta hand om i 1990, har globale klimautslepp stige med over 60 prosent sidan den gongen. I dag er klimatrusselen akutt, ikkje berre mot dyr og natur, men òg mot menneske, skriv Gunnar Kvåle i Besteforeldra sin klimaaksjon.

«Stans klimaranet mot barn og ungdom» er overskrifta på ein demonstrasjon arrangert av «5. juni-rørsla for klima» på Torgallmenningen i Bergen i dag på verdas miljødag.

Det er Natur og Ungdom som, saman med mange andre ungdomsorganisasjonar, står i spissen for demonstrasjonen. Aksjonen blir støtta av dei fleste politiske ungdomspartia i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tek opp tråden frå 1990

1990 var Europas miljøministrar samla på Hotell Norge i Bergen. Møtet var ein del av prosessen som skulle resultera i Kyoto-avtala frå 1997. Den 15. mai omringa 2000 ungdomar hotellet. Ungdomane nekta politikarane å sleppa ut frå hotellet før dei kom med ei liste over klimatiltak som kunne hindra vidare utsleppsauke. Dei demonstrerte under parolen «No action - no future». Politikarane slapp ut, men diverre utan klåre tiltak.

Klimatrusselen er akutt

I staden for å handla mot ein trussel som var fullt mogleg å ta hand om i 1990, har globale klimautslepp stige med over 60 prosent sidan den gongen. I dag er klimatrusselen akutt, ikkje berre mot dyr og natur, men òg mot menneske. Noreg er eit av få rike land som har auka utsleppa. Politikken som vert ført, styrer oss mot ei global oppvarming på 3-4 gradar, dersom andre land ikkje tek langt større ansvar enn Noreg. Det er dei unge i dag og generasjonar framover, som må leva med konsekvensane av ein slik politikk, som let kortsiktig profitt vinna over langsiktig berekraft.

I løpet av det siste året har me opplevd mange døme på at klima er i ulage og fått ein forsmak på dei alvorlege klimaskadane me kan venta oss om ikkje utsleppa raskt blir kraftig redusert. Ved dagens oppvarming på rundt ein grad har me sett at klimarelatert ekstremvær med sterkare orkanar, flaum, ras og skogbrannar har ført til store materielle skadar og mange dødsfall, både i rike og fattige land. Klimaendringar som no bidrar til fint sumarver hjå oss, kan vera livsfarleg på andre breiddegrader.

Urolege for framtida

Frå bakgrunnsdokumentet for demonstrasjonen kjem det fram at dei unge er uroa av at Staten, til tross for dette, held fram med å pumpa opp olje som fyller atmosfæren med klimagass og av at mange av dagens vaksne fører ein ikkje berekraftig livsstil og handlar som om klimatrusselen ikkje eksisterer.

Ungdomane skriv: «Me er drivne av kjærleiken til vår verdifulle og vene planet, som menneske no er i ferd med å øydeleggja. Ein like sterk drivkraft er eit veksande raseri, mot politikarar, som vel vitande om konsekvensane, ikkje gjer det som må til for å stansa øydeleggingane. Vi kallar det eit ran av framtidsutsiktene våre. Ein naudsynt omstilling og full energirevolusjon på få år vil kosta og krev nye prioriteringar innan alle sektorar i samfunnet. Men gevinsten er eit betre miljø og betre livskvalitet. Konsekvensane av ikkje å handla kan derimot verta katastrofale.»

Kva som må til

Ein hovudparole i demonstrasjonen no er den same som i 1990: «No Action – No future!». Ungdommane krev full stans i all oljeleiting og nedtrapping av oljeproduksjonen. Når me alt har funn meir enn me kan bruka er det uansvarleg politikk å leita etter meir. Dei krev satsing på grøne arbeidsplassar og berekraftig livskvalitet i staden for klimaskadeleg fossilbasert vekst. For å oppnå dette må det mellom anna innføra høgre avgifter på alt fossilt.

Me i Besteforeldra sin klimaaksjonen støttar krava frå dei unge. Det må verta mykje dyrare å øydeleggja klimaet og meir lønsamt å leva miljøvennlig! Atskilleg sterkare tiltak må på plass for å skapa eit reelt grønt skifte. Kvart år med høge klimautslepp fører oss stadig nærare ei framtid me ikkje vil ha.

5. juni-rørsla for klima vil gjera verdas miljødag til ein dag for kraftige makeringar av motstand mot klimaranet frå barn og unge vi i dag er vitne til. Lat oss visa at me støttar krava deira ved å møta opp på Torgallmenningen i Bergen i ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunnar Kvåle

Sentralstyremedlem i Besteforeldra sin klimaaksjon